lørdag 19. april 2014

Påskeutstilling i Stavern


I påska i Stavern har dei bruktbutikkar utover heile  torget og kunstutstillingar i massevis innadørs.  Og folk kosar seg på utekafear.
I det fine veret det var i dag, flytta mange andre butikkar og varene sine ut på gatene.

Mange fine koppesett, sølvty, bøker i store mengder og varer som folk hadde laga.

Eg var heldig og fann ein kniv i  telesølv som eg mangla. Brukt sølvty vart selt til halv pris av nytt. Det som eg har frå før er jo også brukt, om ikkje så mykje....

Det verkar som folk står her og sel det dei ikkje har bruk for.



Nokre karar til pynt.

Mange barnehagar hengjer opp fantasifulle ting dei har laga i trea. Det er tradisjon her i påska. I år var det veldig mykje opphengt.



Johanne, Elin, Inga og meg utafor porten inn til Fredriksvern verft.
Og Hans var fotograf.

Ingen kommentarer: