torsdag 21. februar 2013

Vinter i Larvik


Sist sundag gjekk vi tur langs sjøen i Larvik
Hans er her på veg bortover til kulturhuset Bølgen.
Det var kaldt, fleire minusgrader og kald sno.


Rasteplassen på Batteristranda ventar på sommar.

Isklumpane skvalpa på stranda under spahotellet.
Snarveg ned til sjøen. Han blir visst brukt.

Til høgre i biletet er eit lite telt, sett opp av raier og med teltduk over. Vi gjekk forbi der på turstien. Nett då bada ein flokk kvinner og menn i nettoen i sjøen utfor teltet.
Vi las om dei i avisa. I teltet skulle det vere badstuevarmt ved hjelp av varme steinar. Det var i alle fall kaldt ute. Vi var ikkje freista til å delta.

I dag flagga Larvik på Gloppebrua. For kongen.



 Isen ligg på Lågen Nedafor brua ser vi så vidt ope vatn lengst nede mot fjorden.


Oppover elva er det berre is å sjå.

3 kommentarer:

Besta sa...

rart at det er så vinterlig og kaldt hos dokke, mens vi har fått vårkjensle. Men enno er vi ikkje ferdig med februar, så mykje kan skje enno. Vi har hatt veldig lite snø i vinter.

Annfrid sa...

I dag er det havblikk og fint i Ulsteinvik og 4 plussgrader.Denne veka har det vore vinterferie og vi har hjelpt til med barnebarna.Så ventar eg på å få att datamaskina mi.Per stundar etter å få gjort ferdig parkeringsplassen og legge stein på innkjørsla til garasjen.Men alt er enno steinfrose.

Bjørg sa...

Her har det vore veldig stabilt ver lenge. Kaldt ned i 15 minusgrader.
No i helga har det vorte mildare, rundt null. Og fint ver med sol.