lørdag 2. februar 2013

På stranda og på restaurant.


I dag har vi gått til Amadorestranda og sola oss der nokre timar. Det var 26 gr. under parasollen og 20 gr. i sjøen. Varmare enn det har vore på lenge på denne tida av åre, seier der her.
Denne stranda er den finaste med klart reint vatn og lys sand.

Vi valde den vesle kinarestauranten i dag. Med dei søte kinadamene. Og maten var god.Vi kan velje etter ønskje frå buffeten.
Då vi kom ut derifrå, møtte vi Wenche og Pål som nettopp var komne med flyet i dag. Her er mykje norsk tale i gata.


For nokre kveldar sidan åt vi pizza i lag med Olav og Ruth oppe på Europasenteret.
Vi hadde det triveleg.


Eg håper bileta ser normale ut på dykkar maskin.Om dei ikkje gjer det, gje meg ei melding.
På mi vesle maskin ser det normalt ut.

1 kommentar:

Annfrid sa...

Hei,bileta ser normale ut på mi maskine.Øver kvar dag på denne nye maskina.Held no på å koke middag til Per kjem heim,men det er ikkje lurt å setje seg ned ved pianoet når ein skal koke middag,kokte mykje over.I går kveld lagde eg bondeomelett,og det var like godt som om han var på restaurant sa Per.Ser at dokke har det fint.Hels til alle.