søndag 10. februar 2013

Syskenbarna møttest


 Ikkje berre mange kjende, men 6 syskenbarn med ektefeller møttest, og det var ikkje avtalt.
Her er vi fem av para til middag saman.
Det var Hans sine fetterar med koner.
Anne og Sverre Paul , Magnhild og Knut, Arnhild og Per Steinar, Wenche, Pål. Åse og Helge mangla denne kvelden.
Vi trefte elles mange ørstingar og voldingar.




Fullt med folk på badestranda i Puerto Rico.
Ikkje så varmt i sjøen. Ca 20 g. Hans set grensa der.









Om sundagen reiste vi til Arguineguin og ville besøkje sjømannskyrkja. Men der var ikkje ope.
Hans og eg var på gudstenesta klokka seks. Der var mykje folk. Mange fekk berre ståplass.
Gudstenestene vert haldne i Den Katolske Kyrkja som Den norske sjømannskyrkja låner.
Ein dag seinare var vi tilbake, og då var det fullt av folk som åt og prata i Sjømannskirken.
Vi kjøpte oss kaffi, karbonadesmørbrød og vaffel.




Den katolske kyrkja som sjømannskyrkja låner til gudstenestene sundagane klokka seks.
Der er plass til mange hundre.

Shopping i Las Palmas.
Vi hadde ein fin dag i Las Palmas. Veret var skya med berre litt sol.
Der er ei veldig fin gågate, og no var det sal over alt. Mange fine butikkar. Det vart kjøpt ein del klede.
Elles var vi i katedralen som er stor og fin. Opp i tårnet der vi hadde fin utsikt over byen.
Og så var vi Columbusmuseet. Interessant, men dei hadde ikkje fått med seg at han var fødd i Hyen!

2 kommentarer:

Annfrid sa...

Hei,i Ulsteinvik er det vinter og kaldt,snø og minus 3grader.Ser at dokke har det kjekt.Skulle gjerne vore der i lag med slekta.Vi har feira morsdag med alle,store og små, i dag her hos oss.Skal helse frå Per og.

Bjørg sa...

Det første eg gjorde då vi var heime midt på dagen laurdag, var å moke plassen for 10 cm nysnø. Syntest det var for lite å sende Hans ut med snøfresaren.
Det var kontrast til der vi kom i frå. Men fint og!