søndag 25. november 2012

Livet i november


Den første skappelgensaren er snart ferdig. Eg har vel teke meg vatn over hovudet, når eg har 7 jentebarnebarn. Det går rett nok fort og greitt å strikke. Tråden er dyr, men det får våge seg. Det er kjekt arbeid. Berre hendene held.
 Sist tysdag var vi på foredrag i Pensjonistuniversitetet i Larvik.
Det var forfattaren Jørn Lier Horst som fortalde om forfattarskapet og korleis han arbeider. Mord og mørke gjerninger var tittelen på foredraget. Veldig spennande å høyre på han! Han hadde bilete på skjermen og.
Han las mykje i barn- og ungdomen. Det var Hardyguttene, Frøken Detektiv, Fembøker, og mange fleire som vi kjenner.
Salamandergåten er den første boka i ein serie barnebøker. Han skal skrive 12 bøker på eitt år.
Og så blei det kjøpt nokre bøker med dedikasjon i .

 Eg har begynt å høyre på lydbøker. Det er fint når eg strikkar. Er begynt på den første boka til Knausgaard. Han skriv jammen godt. Eg trur eg kjem til å halde fram med dei bøkene. Elles har eg høyrt ein del av boka til Torbjørn Færøvik, Midtens rike. Utruleg at dei har drive med den fotsnøringa i 1000 år med fryktelege lidingar gjennom heile livet. Kvinnene rundt i verda har jammen hatt det vanskeleg. 



Kaktusane blomstrar. Det ser ut til at dei likar seg i Larvik. Julekaktusen står og med små  raude knoppar.


I dag fyller Astrid i Sola 16 år.
Ho er på speidartur denne helga.
Eg har sendt SMS.
Ho får klem når vi treffest snart.

3 kommentarer:

Besta sa...

Kjekt at du strikkar og høyrer bøker, slik eg har gjort i mange år. Eg har lese alle bøkene til Knausgård. Likte særlig godt nr.3, minst 4 og 5.
Midtens rike har eg også lese, men oppdaga for seint at der er nyttig stoff om boka på nettet.
Eg likte enda betre Buddhas barn-den er ikkje fullt så omfangsrik.

Annfrid sa...

Hei,eg har lagt bort strikkepinnane og ei halvferdig barnejakke.Eg får så vondt i skuldrane og nakken av strikking og progresive briller.Per må ofte masere meg på nakken og no er oljen kjøpt på Bali snart oppbrukt.Elles er det full guffe her i huset.Per hjelper Torbjørn med badet i lag med ein latviar,eg har hjept Nora å sy ei julestrømpe.

Bjørg sa...

Vi er i Sola denne veka. Eg strikkar på den andre gensaren. Det går førebels bra. Vi har vore på fabrikkutsalet til Sandnes Ullvare.
Der var mykje flott garn! Kjøpte garn til to gensarar.