torsdag 12. juli 2012

Hagen og steinlegginga er ferdig.

 Asle har vore her i tre dagar og jobba med steinlegging og mur langs hekken.
No står det att berre å få asfalt på parkeringsplassen. Det skal vi få saman med naboen.
Verandaen skal ikke målast før til neste år. Han skal tørke.


Vi har kjøpt to hengarlass med dekkbark.
Oppe rundt bærtrea har vi barkduk under.
Men i skråninga prøver vi utan. Det vil nok berre rause av.


Måndag slo Asle plenen for første gong.
Graset er bra tett og har fin farge.
Det har vore bra med regn på det.



Potetene spirer.
Sukkerertene er komne opp, og vi ser i gulrøter og rukkulasalat.



Ved sida av rabarbraen har eg sådd litt blitva. Det er Dulka sin grønsak.

1 kommentar:

Besta sa...

De fekk jammen litt å henge fingrane i dernede, men så blir det vel mindre hagearbeid etter kvart? Synest de har vore flinke å få det fint til, og heldige som har fått god hjelp av Asle m.fl. Her subbar vi rundt i skodde for tida, ikkje det veret eg likar best.