søndag 22. juli 2012
Bryggegudsteneste 22. juli
Vi var på bryggegudsteneste i Nevlunghavn. Fint ver.
Per Arne Dahl var talar. Det har han visst vore i 15 år på rad. Tema i dag var HÅP, og 22. juli 2011 vart markert.
Ei gruppe damer som kallar seg Havfruene song veldig fint. Då vi kom gåande, var det fint å komme til musikk og song.
Det kom mykje folk. Vi hadde med oss stolar.
Sjølv om det var mange plaststolar og mange hadde med seg, måtte mange stå.
Gatene i Nevlunghavn var fulle av folk. Så etter gudstenesta vart det mykje sal av is og anna mat.
Vi for heim og laga oss middag.
Seinare, etter middagskvil, tok vi ein tur til Hedrum bygdetun og kjøpte oss kaffi. Der var det og mykje folk, levande musikk og utlodning.
I Nevlunghavn gjekk vi forbi mange nydelege hagar med roser og andre fine planter. Der sat folk og åt frukost i hagane då vi gjekk til gudstenesta.
Vi hadde fint ver heile dagen. Om kvelden etter vi var heimkomne, vart det regn.
fredag 20. juli 2012
Besøk frå Lepsøya og Måløy
Vi hadde vore på friluftsgudsteneste og kulturdag på Halle Mølle i Brunlanes. Eg hadde slått av telefonen under gudstenesta. Då eg slo på att, var det melding om at Vi er der om to timar. Det var Kirsti og Magne som var på veg på overraskelsesbesøk. Det viste seg at det og var ein tredje person med i bilen. Det var Kristian. Og ein fjerde: hunden Candy. Hans hadde dataproblem, så Kristian var svært velkomen.
Kveldstur ned til Rekkevikbukta der minnesmerket for Colin Archer si polarskute står. Litt kjøleg ver.
Hans hadde nettopp sett opp telt på plenen. Det var for å sjå på teltet. Vi snakka om å ta oss ein tur.
Teltet stod der då gjestane frå Lepsøya kom. Hunden Candy kunne ikkje få komme inn i huset på grunn av fleire allergiske personar. Så han fekk tilbod om teltet. Men Kirsti ville ikkje at han skulle vere der åleine om natta, så det vart til at Kirsti, Magne og Candy sov i teltet. Kristian fekk gjesterommet.
Måndag til middag kom Svanhild, Øystein, Anna og Jakob frå Måløy. Det var ikkje overaskelsesbesøk. Vi var varsla om det. Det var stor stas med Candy. Veldig snill hund. Om kvelden gjekk vi tur i Bøkeskogen og Anna og Jakob fekk kvar sin gong leie hunden i bandet.
Med så mange gjestar overnatta Hans og eg i Elinfam. sitt hus. Øystein er allergisk mot katt, og der bur katten Celsius. Så det var god ordning. Vi har stor kapasitet på gjestar no. Svanhild og fam. reiste vidare tysdag til Dyreparken i Kristiansand.
K og M og K reiste heim onsdag.
Takk for kjekt besøk!

fredag 13. juli 2012
Hans 75 år. Gratulerer!
Vi feira dagen litt på forskot då Aslefamilien kunne vere her. Elin og Kari med sine familier er på ferietur.
Til middag hadde vi kylling og ris med salat. Vi åt middagen inne, for litt kjøleg var det.
Men i kaffitid var det fin sol på verandaen, så det gjekk an å sitte ute.
Det blir meir feiring når vi kjem til hytta i august.
Då er Karifamilien der.

torsdag 12. juli 2012
Hagen og steinlegginga er ferdig.
Asle har vore her i tre dagar og jobba med steinlegging og mur langs hekken.
No står det att berre å få asfalt på parkeringsplassen. Det skal vi få saman med naboen.
Verandaen skal ikke målast før til neste år. Han skal tørke.
Vi har kjøpt to hengarlass med dekkbark.
Oppe rundt bærtrea har vi barkduk under.
Men i skråninga prøver vi utan. Det vil nok berre rause av.
Måndag slo Asle plenen for første gong.
Graset er bra tett og har fin farge.
Det har vore bra med regn på det.
Potetene spirer.
Sukkerertene er komne opp, og vi ser i gulrøter og rukkulasalat.
Ved sida av rabarbraen har eg sådd litt blitva. Det er Dulka sin grønsak.

torsdag 5. juli 2012
Aslefam på veg heim frå Korfu
I dag kom Aslefamilien tilbake frå ferietur til Korfu. Vi hadde betasuppe klar, og serveringa var på det nye bordet som Hans har snekra ute på Plassen.
Poesiparken
Spesielt i Larvik er dikta som er plaserte rundt i byen. Det skal vere ei rute å gå etter. 33 dikt skal vere plasserte alt no. Eg har ikkje funne alle enno. Dei har planer om 100 dikt.
Her er Hans og Frode ved torget.
Her er Hans og Frode ved torget.
Besøk frå Ørsta
På plassen til Maribell ligg no seilbåten Berserk. Maribell siglar langs svenskekysten. Dei er no forbi København.
I Indre Havn har dei hatt dugnad og planta mykje flotte blomster.
Vi viser rundt naboen vår frå Ørsta, Frode, som kom på besøk til oss onsdag kveld. Her tek vi ein cola på torget i Larvik.
I Indre Havn har dei hatt dugnad og planta mykje flotte blomster.
Vi viser rundt naboen vår frå Ørsta, Frode, som kom på besøk til oss onsdag kveld. Her tek vi ein cola på torget i Larvik.
mandag 2. juli 2012
Tunnekaker
No er Hans blitt lei av sveler. Dei er for mektige, seier han. Om eg ikkje kan lage tunnekaker slik som svigermor Anna.
Eg ringde til syster Magdalena, og ho hadde mor si oppskrift. så då var det berre å sette i gong.
I kveld hadde vi invitert naboane. Det er dei som bur på garden som tomta vår er utskild frå. Der bur tre systre med ektemenn i kvar sine hus. To av systrene kunne komme med mennene sine.
Eg sa at no skulle dei få husmannskost. Det passa vel bra. Dei likte tunnekakene godt.
Også kalla mjølkekaker.
Oppskrift:
1 egg
1 matskei sukker, ((ta litt meir)
1/2 kopp surmjølk
1 toppa ts natron
VISP GODT
500 gr. kveitemjøl
ca. 1 1/2 liter søt mjølk
Røra skal vere tynn.
Sterk varme på takka,
litt under maks.
Eg smurde tunnekakene med
smør, sukker og kanel på nokre.
Smør og brun ost på nokre.

Abonner på:
Innlegg (Atom)