torsdag 21. juni 2012

Arbeid i hagen

 Hans har laga kassar til kjøkkenhagen. Den største er til kompost. Vi har planta ein rabarbra i den eine.
I den andre har eg sett 9 poteter. Hans ønskjer seg sukkererter. Kanskje litt salat og. Det var jo meininga ikkje å ha hagearbeid her, men det heng i.

                                                                 Graset kjem fint no.
Vi har teke oss av to av denne sorten. Det er visst mykje slike her omkring, seier andre som har hage.
Det er mange råder for å kvitte seg med dei. Ha dei i ei bøtte med salt eller i kokande vatn.
Førebels har vi funne berre to.


2 kommentarer:

Annfrid sa...

Hei,eg har ikkje funn ein slik snigel i hagen vår endå.Men dei er komne til Ulsteinvik.Dei daudar med ein gong dersom du strør salt på dei.

Bjørg sa...

Ja. eg og Inga fann nokre fleire i kveld. Eg har fått fleire råd om kva eg skal gjere med dei. M.a. salt. Kokande vatn er og brukt.