torsdag 14. juni 2012

Sommaravslutning i Rekkevikbukta for trinn tre

I går var det sommaravslutning for Inga sitt trinn (tredje klassane) i Rekkevikbukta rett nedafor der vi bur.
Vi besteforeldre fekk og vere med. Hans ventar på maten medan grillinga pågår.
Inga og veninna Mina har funne krabbar. 


Det var kald vind, 14 - 15 grader på land. Men når ein har tenkt å bade, så må ein bade.
Til slutt song elevane fleire vårsongar til foreldra og besteforeldra. Og klassekontakten overrekte blomster til lærarane og takka  foreldra. Og ynskte god sommar. Som det er vanleg.


2 kommentarer:

Annfrid sa...

Ja,no er det grilling og avsluttning av skuleåret over alt.I går hadde Nora Emilie (2.kl.) avsluttning på Roppesanden på Flø i strålande sol.Mor,mormor og Linnea var gjestar og Per og eg passa Emil Olav.Elles er Per ferdig med 50 liter Benarolje på taket.Så ventar vi på han som skal lage parkeringsplass.Det ser ut til at dei med gravemaskin er lite å stole på.

Bjørg sa...

Takk for kommentar.
Vi besøkjer Aslefamilien i Arendal i morgon, sundag. Han har geburtsdag på måndag. I dag var alle til graut her. Vi ventar no snart de kjem på besøk.