tirsdag 31. mai 2011

Huset er selt

Skiltet med Til sals er teke ned. Det kom bod alt på visninga i går.
Fristen vart sett til klokka 12 i dag. Det var spennande!
Vi fekk takstpris 2.8 mill. Og det er vi godt nøgde med.
Dei nye eigarane skal truleg ta over 1. august.
I dag har eg pakka 7 flyttekassar.
Tilhengaren er pakka klar for ein ny tur til Larvik denne veka.

4 kommentarer:

Besta sa...

Det var raskt! Godt at det ikkje drog ut i langdrag.Blir det lenge til de får flytte inn i nyehuset?

Bjørg sa...

Vi reiser til Larvik i morgon. Då skal vi overta nyehuset på fredag. Då skal det vere ferdig. Det manglar kanskje litt med garasjen, men dei driv på for fullt.
Vi flyttar litt og litt på hengar. Eit lass i morgon og to lass i veka etter pinse. Då hjelper Asle oss.

Astrid sa...

Så bra det gjekk så greitt med å selgje huset. Ikkje at eg er overaska, for det er eit veldig fint hus.

Eg gledar meg til å komme å besøkje dykk i det nye huset når de har flytta inn! <3

Camilla, Bjarte, Marte, Daniel, Johanne og Agnethe sa...

Driftige folk!! Flott at det gjekk så bra! Lykke til med innflyttinga! Stor klem fra Camilla og Bjarte m/fam