tirsdag 17. mai 2011

17. mai i Ørsta



Dagen starta med sol og fint ver.
Rett nok litt tunge skyer over Nivane.
Her er vi på veg ned Prestebrauta, og som vanleg er ho fint pynta.

To sunnfjordingar har funne kvarandre.
Bjørg og Adolf Nydal frå Stongfjorden.
Han har budd i Ørsta litt lenger enn oss.

Speidarane med flaggborg.
Først i toget kom alle barnehagane. Utruleg mange born og foreldre.
Første åra vi budde i Ørsta var det ingen barnehagar i toget.
Dei utgjer no mest halve toget.



1 kommentar:

Besta sa...

Vi var ikkje ute for ei dør i går, var låke i føtene begge to. Så då var det kjekt å få ei fin oppsummering av kva som gjekk for seg.