fredag 18. februar 2011

Soling ved bassenget og middag på byen.

Vi solar oss ved bassenget her ved hotellet vårt ei ykt kvar dag.
Denne veka har vi ikkje leigd bil, så då blir det meir sol.

I går tok Inga og Aud oss med på restaurant og spanderte middag på oss.
Vi sat i gode stolar og fekk nydeleg mat, lammekotelettar og kanariske
poteter. Gode sausar og grønsaker til. Eller salat.
To skåler med grønt vatn til å skylle fingrane i.
Vi vart gode og mette.
Tante Turid har bursdag i dag. Gratulerer med dagen.
I morgon reiser vi tilbake til Sola.
Grur oss litt til minusgradene, men gler oss til å treffe alle.

Ingen kommentarer: