lørdag 27. september 2014

I Aleksander den stores fotspor

Vi var i mange moskear i Istanbul og Edirne.


Ved moskeen var det ofte fin park, rom for skule, bibliotek m.m.
Vi fekk sjå og høyre om mange utgravningar i Hellas og Makedonina.
Stobi har vore ein by som vart øydelagd av jordskjelv.
Vi kunne sjå at der hadde vore flott ein gong.


Store åkrar med tobakksplanter i Makedonia.
Dei blomstra med kvite blomster.
Vi såg og kor dei turka blada. Dei hang på snorer med plastduk over.
Hyggjeleg lunsj i Bitola i Makedonina.
Den dyktige gaiden vår, Elisabeth, var dansk. Her fremst til høgre,









 Byen Ohrid i  Makedonia er ein nydeleg by.
Han ligg vakkert til ved Oridsjøen. Fint sentrum med marmor gategolv i mange fine fargar.
Ohrid er perlebyen. Utruleg mange smykkebutikkar.
Eg kjøpte meg eit perlemorsmykke.
I Berat i Albania gjekk vi på steinsette gater opp til eit ikonmuseum. Mykje souvenirbutikkar langs vegen.

tirsdag 23. september 2014

Tur med Albatros til Istanbul og Edirne i Tyrkia, Tessaloniki i Hellas, Bitola og Ohrid i Makedonia og Tirana i Albania.

Utsikt over Tessaloniki.
Dei som har lese Tråden av Viktoria Hislop
kjenner att mykje her.
 Nydeleg gategolv i Ohrid.
Byen med perlene.

Vi fekk tur med robåt på ein sjø der vi kunne sjå at vatnet bobla opp frå botnen, ein oppkomesjø.
Det rann ut ei elv frå denne sjøen ut i Ohridsjøen.
Vatnet både her og i den store Ohridsjøen er utruleg klart og reint.
Ei lita kyrkje på ein knaus ved Ohridsjøen.
Vi gjekk ned der på ein fin sti i skogen.
Små robåtar rodde oss inn att til byen.
 Eit fint turistområde med restaurant.
Det var nytt i år, sa gaiden.
Her er vi i robåten på oppkomesjøen.
Flotte damer som sel handarbeid.
Eg kjøpte tre par sokkar med dei.
Dei var strikka av heimespunne garn.

Med ei anna dame kjøpte eg ein rund brodert duk.


 Og på sundag kom paven til Tirana.
Programmet vårt vart heilt skipla.
Så vi såg på paven i staden. Tett med folk som trengde rundt oss. Hans mista passet sitt. Det vart stole ut av ei glidelåslomme på bukselåret.
Det vart mykje styr for å komme ut av landet utan pass.
Vinsmaking var visst obligatorisk.
Dei dyrkar mykje druer og lagar mykje vin.

I Hellas såg vi og mykje tobakksplanter og blad som hang til turk på snorer under plasttak.
Vi hadde ein fin båttur på Bosporos då vi var i Istanbul.


 Gresk salat med store ostestykke.
Det smakte godt, men var ein stor porsjon.
Dette var lunsjen ein dag på ein uterestaurant.

Vi fekk mykje tradisjonsmat frå landa vi reiste i.


mandag 30. juni 2014

Måltid på tur



Sol og sommar og matrast ved Hurdalssjøen.

Vi er komne til Ulfsvåg i Nordland.
Ei kald hytte med bad og kjøkken i eit anna hus.
Kveldsmat i hytta.

Neste dag i Ulfsvåg åt vi frukost på eit felleskjøkken på campingplassen.

Kafeen i Borg Vikingsenter i Lofoten.
Vi kjøpte fiskeburger som smakte godt.

Tranøy fyr.
Vi åt middag der om kvelden då vi kom.
Vi valde kvalkjøtt. Lenge sidan vi har ete det.
Det smakte ganske bra.

Frukost i den koselege kafeen på
Tranøy fyr.

Nokre måltid vart inntekne ved bilen.
I Nordland og Troms måtte vi kle oss godt.
4 - 6 grader kvar dag.

Varmt og godt og triveleg å vere på besøk.
Her hos Hans sin skulekamerat frå barneskulen på Hessa.

Hos Karin i Målselv var vi i to dagar.
Ho har pussa fint opp foreldra sitt hus.
God mat, varme på peisen og hyggjeleg prat.
Og ho viste oss rundt i strøket der til mange interessante plassar.
Tusen takk, Karin!


I Trondheim var vi innom til mi kusine Martha og var heldige å treffe alle tre gutane.
Dei diska opp med burgerar m.m.
Far Tore var ikkje heime.

Då vi kom til Hamsun sin barndomsheim i Hamarøy, vart vi møtt av ein ung gaid som handhelsa og baud på kaffi. Han fortalde mykje om Hamsun sitt liv der til ein stor flokk turistar rundt bordet.

Når det regner, hjelper det litt å sitte under
biltaket.

Sør for Saltfjellet rasta vi attmed ein bensinstasjon. Litt gebrekkeleg bord, men
vi fekk oss mat der.
Og godt med tak når det småregner.

søndag 29. juni 2014

Triveleg besøk på Dombås.


Fest for Jorid og Ole Amund


På turen vår til Nord Noreg var vi innom Ringsaker. Vi var der så heldige at vi fekk vere med på ein del av festen for Jorid og Ole Amund. Mange fine taler og god stemning. Vi fekk og helse på Ole Johan og kona hans.
Ole Amund går av for aldersgrensa no 1. juli.