I dag har eg vore på treff med fleire av dei gamle kollegaene frå Velle skule. Det var veldig hyggjeleg! Dei fleste er pensjonistar, men ikkje alle. Vi var 8 damer og møttest på ein kafe. Det er moderne no. Somme har flytta frå huset sitt og i leilegheit.
Eg tok bilete med mobilen, og då har eg problem med å få dei ut derifrå.
onsdag 27. april 2011
søndag 24. april 2011
Middag med påskegjestane.
Kistefornøyelse
Eili prøver mine gamle klede. Ho er like fin i drakta frå 1980-talet som i den gamle kjolen frå 1800-talet. (Den er ikkje min). Det er kanskje ein brudekjole. Det er slikt vi no finn på loftet.
Eili går på dramalinje og treng mykje forskjellige klede til kostymer. For tida spelar dei inn Ronja Røverdatter og Eili spelar hovedrolla (Ronja).
Eili går på dramalinje og treng mykje forskjellige klede til kostymer. For tida spelar dei inn Ronja Røverdatter og Eili spelar hovedrolla (Ronja).
På kinarestaurant i Ørsta
onsdag 20. april 2011
Plenen vår i Ørsta
Far min, Anders Steinhovden, sådde plenen i 1973. Det var han godt kvalifisert for;
han hadde sådd ein heil gard.
Her rakar Oda som er oldebarnet hans, den siste våren vi eig dette huset.
Det er mykje mose. Hans likar mose. Då blir det ikkje så mykje gras å slå, seier han.
Men det er ganske vanskeleg å rake, seier Oda.
å få vekk dei visne greinene.
Asle hjelper Hans med dekka, skifter, vaskar og stablar.
Godt å få hjelp!
tirsdag 12. april 2011
Churros i Malaga
God gaid var Anne Bjørdal som bur i Spania. Ho tok oss med til den beste
churroskafeen i Malaga. Ho fekk endå til ordna det slik at vi fekk sjå inn i bakeriet.
Der blei churroskokinga demonstret for oss.
Så tok han ringen opp og la han over på eit bord.
Så var det klart for kaffi og churros som vi dyppa i varm sjokolade.
Det smakte nydeleg!
mandag 11. april 2011
tirsdag 29. mars 2011
50-årsjubileum for lærarskuleklassen.
I år er det 50 år sidan vi gjekk ut av lærarskulen etter fire år i Bergen.Vi skal feire i Bergen den 14. mai.
No driv Hans og leitar etter overnatting. Det er ikkje lett.
Biletet over er teke på Jæren der vi var på ekskursjon for å studere fuglelivet.
søndag 27. mars 2011
På besøk i Måløy
Snøplogen hadde ikkje vore ute. Mykje slaps heilt til Kjøllesdalen. Då vart
vegen berr. Tilbake køyrde vi over Bekslet til Åheim. Det var betre.
Vi fekk fin sundagsmiddag med Turid. Her er andre bordsete.
Bilen var full av "lopper" til Turid. Nokre leikar til borna var der og.
tirsdag 22. mars 2011
Kjekt besøk frå Steinhovden.
På same tid som dei kom, fekk vi på besøk ei fotografdame som skulle
ta bilete i huset for prospektet som skal ut i avisene og på nettet.
Huset var "strippa" og veldig rydda. Kva no med middag til gjestane?
Eg hadde bekymra meg for det, men så fekk eg ein god ide:
Eg bestilte middag til oss alle fire hos Dulka.
Ho er ein veldig god kokk, og likar å lage mat og servere.
Ho tok jobben med stor glede.
Det vart mange rettar: suppe, kjekjøt, pai, ris med grønsaker, kjøttkaker,
og endå meir, og sjølvsagt dessert og kaffi.
Det var nytt for Arne og Gunn å komme dit, så det var jammen på tide vi tok dei
på tur der ute i øyane. Vi stoppa ved Herøy kyrkje og såg på bautaen over dama som stifta første sjømannsmisjonsforeininga i Noreg.
Abonner på:
Innlegg (Atom)




