søndag 27. februar 2011

Villhesten på DVD ein gong til.

I dag oppdaga eg til min forskrekkelse at eg ikkje har sjekka kommentarane for 30. oktober 2009.
Det handlar om Villhesten. Der låg 17 kommentarar. Ei stor interesse for DVDen.
Dersom nokon av dykk ser dette, kan de kontakte Hans på epost: hkragset@gmail.com
Då kan det kanskje bli ei løysing.

Helsing Bjørg

Husbygginga skrir fram.

Vi kom for å sjå etter kor det går med husbygginga.
Det har skjedd mykje sidan sist vi var der.
Her kjem trappa opp til andre etasjen.
Hans står i gjesterommet. Vårt soverom inn til høgre for han.

I stova nede.
Det er varme på inne. Dei polske snikkarane jobbar godt.
Vi snakkar litt engelsk med somme av dei. Kjekke karar.
Vi planla kva vi skal ha med av inventar.
Det er ikkje alt vi får plass til, men det viktigaste.

Først eit lag med isolasjon. Så ein slags duk som visstnok pustar.
Denne grinda skal opp på vindaugsveggen i stova, og så nytt lag med isolasjon i den.
På mørkeloftet sette dei opp eit stort apparat: varmegjenvinning.
Utsikt frå loftstova. Veranda utafor.

Utsikt frå stova nede.
Det er lagt isolasjon og så ein membran.
Eit lag til med isolasjon skal vere innafor.

Bordkledning er kome på, men ikkje takstein endå.

Bustaden til høgre er vår.
Stove til høgre, kjøkken med skyvedør ut til terrasse.
Loftstove også med skyvedør til altan.

Vinterferie i Larvik

Sunniva bakar skulebollar. Ho er flink på kjøkkenet.
Ho og Johanne var to dagar på ridekurs. Inga var på skileik på same staden.
Seinare i veka tok pappaen jentene med på overnatting i gapahuk
langt inne i skogen. Dei gjekk på ski dit.
Dei hadde endå til med vaffelrøre og steikte vaflar ved gapahuken. 10 minusgrader.
Det gjekk bra. Dei fraus ikkje, sa Inga.

Vinterferien vart elles brukt til oppussing av stova.
Elin har og masteroppgåve ho jobbar med innimellom.
Her har ho pause i målarjobben.
Og Dag har snekra den hylla. Dei er flinke!

I Arendal

Der står to gitarar i stova. Både Jakob og Jonas lærer no å spele gitar.
Dei stilte villeg opp og spelte til oss.
Dei er utruleg flinke alt. Det var etter nyttår dei begynte.
Elles er data maskina eit kjekt leikety.


God mat fekk vi her og. Kyllingmiddag med god salat og ris.
Kaffi og iskake til dessert.
Denne gongen var det berre dagsbesøk. Vi skulle til Larvik for
å sjå kor det går med huset vårt.

Tilbake i Sola.

Laurdag kveld var Kanarifuglane tilbake i Sola.
Vi vart mottekne med fin kveldsmat laga av Kari og Helene.

Agurkrullar med spirar. oppskrifta finst i ei Coop Megabrosjyre.
Og pai med laks i.
Det smakte!

fredag 18. februar 2011

Soling ved bassenget og middag på byen.

Vi solar oss ved bassenget her ved hotellet vårt ei ykt kvar dag.
Denne veka har vi ikkje leigd bil, så då blir det meir sol.

I går tok Inga og Aud oss med på restaurant og spanderte middag på oss.
Vi sat i gode stolar og fekk nydeleg mat, lammekotelettar og kanariske
poteter. Gode sausar og grønsaker til. Eller salat.
To skåler med grønt vatn til å skylle fingrane i.
Vi vart gode og mette.
Tante Turid har bursdag i dag. Gratulerer med dagen.
I morgon reiser vi tilbake til Sola.
Grur oss litt til minusgradene, men gler oss til å treffe alle.

Playa de las Amadores

Den flotte badestranda skal vere laga kunstig.
Då vi kom dit, var det så fullt at vi måtte leite etter ledige solsenger.
Vi fann oss plass. Eg hadde meg ein lite symjetur. Kaldt og friskt.

Her solar eg meg. (Kvit hatt).
Hans fann interessante samtalepartnarar, eit par karar
frå Nord Troms.


Inga og Aud fann seg godt til rette på solsengene.
Vi hadde heil dag på stranda. Hadde med nistemat.

tirsdag 15. februar 2011

Sundagstur til Maspalomas

Her sit vi og ser på havet.
Det var store bølgjer og mange surfarar som dreiv på der.


Om kvelden klokka seks var vi i sjømannskyrkja i Arguineguin.
Det er den katolske kyrkja som dei låner.
Stor kyrkje. Der var stappfult ein time før og mange måtte stå.
Vi trefte fleire ørstingar der.

Biltur i fjella.


Vi køyrde i fire timar i fjella. Stupbratt. Vi såg ofte ned på fjelltoppar.
Men vegen var god med midtstripe og gode føringskantar.

I dei få grøne dalane var det fullt opp med bananplantasjer.
Det er visst det dei eksporterer mest av her.
Bananene blir dyrka under plast.

Høgt oppe i fjella kom vi forbi ein liten marknad.
Der kjøpte vi kanarisk melon og kanariske bananer.

Kyrkja i Aragua nord i landet liknar litt på La Familia Sagrada
i Barcelona. Dessverre var det siesta då vi kom der, så vi fekk ikkje sjå inn.
Men vi fann ein koseleg liten kafe i ei gate like ved og fekk oss lunsj der.

lørdag 12. februar 2011

Marked i Puerto Mogan

I går var vi på markedet i Puerto Mogan. Mange fine dukar.
Damene handla.

I går kveld var vi på restaurant her i Puerto Rico.
Her diskuter er vi med innkastaren. Han snakka mykje norsk

Ein på nabobordet tok bilde av oss. Han var frå Etne.
Det smakte godt med panert fisk, råkost og kanariske poteter.