onsdag 30. oktober 2013

Tenerife




Sist sundag kom vi att etter ei veke på Tenerife. Vi reiste  frå Kjevik, Kristiansand. Så vi besøkte Asle og familien i Nedenes fredag og laurdag då vi reiste og frå sundag kveld til måndag morgon då vi kom tilbake.
Det var spennande kvar vi kom på Tenerife, for vi hadde uspesifisert bestilling.



Bustaden var fin og stor. Plass til fire. Eit ekstra stort soverom og stort, fint bad som vi ikkje brukte i andre etasjen.
Kjøkkenet var utstyrt med alt vi trong.
Likeeins stova. Vi såg ikkje på den store TVen.
Gjekk tur i staden.
Symjebassenget ved hotellet er ganske stort.
Rikeleg med solsenger.
Hans måler temperaturen i bassenget. Det må vere minst 20 gr. Her var det 26.

Utsikt frå balkongen vår.
Vi ser ei stor golfbane og mykje palmer.
Mange vil sikkert kjenne att dette hotellet som Startour brukar. Villa Mandi heiter det.
Det ligg nokså langt oppe i bakkane. Vi brukte omlag ein halv time å gå ned til sentrum og stranda. Vi gjekk tur dit ned dei dagane vi ikkje var med på tur. Difor sola vi oss attmed bassenget ved hotellet. Det var langt å bere badeutstyret ned til stranda. Drosje kunne vi ta. Men vi gjekk heller når vi ikkje hadde mykje å bere på.
Meir seinare frå Tenerife.

søndag 13. oktober 2013

Utflukt til Farrisvatnet

Laurdag hadde vi tur til ein fin plass ved Farrisvatnet. Det var Elin som visste om denne plassen. Ikkje lange biten å gå frå bilen på ein fin skogsveg dekt med lauv i mange fargar.
Framme ved vatnet fann vi eit bål som nokon hadde gått frå utan å sløkkje. Greitt for oss. Vi hadde med tørr ved, vaffeljarn og vaffelrøre pluss pølser.
Veret var stilt og fint i sola.Og sjølv om det tok litt tid med vaffelsteikinga, gjekk det unna med pølsene.
Helene kosa seg i sola.
Badestranda var verkeleg innbydande.
Vi fire besteforeldra reiste litt før dei andre.
Så vi fekk ikkje sjå det badelivet som utfalda seg. 2 varmegrader var det i lufta då vi stod opp om morgonen. Ganske varmt i vatnet, sa Mathias som dukka heilt under.


Det gjekk betre enn forventa å steikje vafler på bål. Det har eg ikkje prøvt før.


Haustferiebesøk frå Sola

Mathias og Helene frå sola har vore her denne veka. Dei reiste heim med flyet i dag.
Det har vore veldig kjekt å ha besøk.
Laurdagskvelden var vi på pizzarestaurant i lag med Elin, Dag, Johanne og og Inga.
Gode pizzaer og kjekt selskap.
Mathias laga muffins og cupcakes som vi hadde til kaffien.
Tur i Bøkeskogen høyrer med når vi har gjester. Nydelege haustfargar og fint ver.










Helene, Johanne og Sunniva tok frukosten i Rekkevikløkka laurdagsmorgonen. På menyen stod pizzasnurrar og aniskringler.

søndag 6. oktober 2013

Haust i kjømda

Enno blomstrar   blomkarsen på
verandaen. Vi har så vidt hatt 0 grader.
Men i dag har det vore heilt opp i 17.
Mispelen har fått raudfargen.
Eg har lagt litt ekstra jord på bærtrea.
Blåbærplantene har fått rhododendronmold.

I dag tok vi turen til Stavern i lag med Rigmor og Jens. Det var Haustutstilling der. Det er det kvar haust i Steinhuset.
60 kunstnarar og 20 galleri. Veldig mykje pent.
Maleri, glas, smykker...... Ganske dyrt.

Etter å ha sett oss om der, stoppa vi i Sjøparken Agnes på veg tilbake til Larvik. Der var det og  kunstutstilling, bilete, smykker  m.m.
Ein del gamle ting, porselen, antikvitetar. m.m.
Kunsten i naturen var ikkje dårlegare. Flotte haustfargar.
Her er i sentrum av Stavern.

Torget i Stavern. Der var ei lita bod med sal borte på torget. Bøker og nips.
 På Tollerodden i Larvik er det mange store flotte tre.  Larvik kyrkje i bakgrunnen.
Vi var forresten i Tjølling kyrkje i dag. Presten der er ørsting, Kari Robinson. Ho snakkar vårt mål. Det er jo kjekt.
Ute på Tollerodden står statuen av Thor Heyerdahl og ventar på den store feiringa neste år. Dei er i gong med planlegginga i kommunen.



søndag 29. september 2013

Besøk frå Froland

 I helga har vi hatt kjekt besøk av
Astrid og Geir som no bur i Froland.
Dei har flytta dit frå Klepp på Jæren.
Som vi for å komme nærare barnebarna.
Vi måtte sjekke familiealbumen med
steinhovdenslekta.






Frukost i Rekkevikløkka

Vi gjekk tur  ned til Rekkevikbukta.
Der var det mykje aktivitet. Start for eit
stort orienteringsløp.

Rekkevikbukta badestrand

Vi måtte gå ein liten tur i det flotte turområdet vårt, Bøkeskogen.

onsdag 25. september 2013

Tur til Halden


Sist måndag tok vi oss ein tur til Halden. Veret var fint, og vi fekk med oss Rigmor og Jens, Elin sine svigerforeldre. Dei flytta frå Halden og til Larvik for tre år sidan. Hadde budd der heile sitt liv, så dei var gode gaidar.
Her viser dei oss huset dei budde i då gutane var små, fram til 80-talet.
Seinare budde dei mange år inne i skogen, to mil frå Halden by.
Dette huset har Jens bygd, fortalde han.

I ein nabohage gjekk to rådyr så fint og beita.

I
 Fine haustfargar i skogen.

I dette huset inne i skogen budde Rigmor då ho var ung. No bur ein slektning der.
Vi måtte stoppe ved Idd kyrkje. Der hadde Rigmor vore med i menighetsrådet og hadde jobba mykje for kyrkja. Mange slektningar var gravlagde der.
Idd kyrkje er ei av dei eldste i Noreg, frå 1100-talet.

På leiting etter steinbrot med Iddefjordgranitt.
Nede ved Iddefjorden fann vi steinrøysar
som var restar etter steinbrota der.
I nærleiken der var Monolitten i Frognerparken henta ut.
Under krigen sende tyskarane iddefjordgranitt til Tyskland. Det har vore sendt ut til andre land og.


Frå ein knaus med utsikt såg vi over Iddefjorden.
På andre sida er Sverige.
Jens fortalde at dei rodde over i "eiker". Det var to butikkar på andre sida.
Om vinteren gjekk dei over på isen.
På ei tavle kunne vi lese om flyktningane under krigen. Mange rømde over her. Ikkje alltid gjekk det bra.


Langt inne i skogen kom vi til svenskegrensa.
Nær grensa på norsk side står ein høg bauta med mykje skrift på. Det var til minne om krigen i 1808 og at den norske hæren sigra i slaget her.  Slaget ved Berby.
Eg slo opp på nettet og las om den krigen. Der stod det at Bergenhus Amt hadde soldatar med der. Fleire menn frå Sunnfjord var med.
Eg kom på at eg har ei gammal lommelerke av glas som eg fekk av mi mormor. Og historia var at den fekk min tippoldefar laga før han for i krigen mot svenskane  i 1808.
Det var kanskje der?

søndag 8. september 2013

Sundagstur på Kyststien

Dag tok med seg foreldra sine, svigerforeldra, Elin og Inga på tur på Kyststien
som gÅr mellom Stavern og Helgeroa, forbi Nevlunghamn. Fint ver og 20 gr. varmt.

Vi tok inn på stien ein plass mellom Stavern og
Nevlunghamn, og turen vår tok eit par timar.





Mykje rognebær i år!
Og ein ivrig naturfotograf.
Fint å gå over svaberga.
 Kaffirast ein stad på vegen.
Vi nærmar oss Nevlunghamn som vi ser i
bakgrunnen.
Dag sprang tilbake etter bilen og kom og møtte oss lenge før vi kom fram til Nevlunghamn.
Det kan vere Lintorskemunn som blomstrar endå.
Elin og Inga i sivet langs stranda før vi
kom fram til Nevlunghamn.

Då var det fint å sette oss til bords på
Gjestgjevarstova og få oss god mat.
Det var fiskesuppe til dei fleste. Fish and chips til to av oss. (Meg og Inga)

Vegen ved sida av restauranten heiter
Karibakken. Der var det flotte blomsterkassar.
s