søndag 6. oktober 2013

Haust i kjømda

Enno blomstrar   blomkarsen på
verandaen. Vi har så vidt hatt 0 grader.
Men i dag har det vore heilt opp i 17.
Mispelen har fått raudfargen.
Eg har lagt litt ekstra jord på bærtrea.
Blåbærplantene har fått rhododendronmold.

I dag tok vi turen til Stavern i lag med Rigmor og Jens. Det var Haustutstilling der. Det er det kvar haust i Steinhuset.
60 kunstnarar og 20 galleri. Veldig mykje pent.
Maleri, glas, smykker...... Ganske dyrt.

Etter å ha sett oss om der, stoppa vi i Sjøparken Agnes på veg tilbake til Larvik. Der var det og  kunstutstilling, bilete, smykker  m.m.
Ein del gamle ting, porselen, antikvitetar. m.m.
Kunsten i naturen var ikkje dårlegare. Flotte haustfargar.
Her er i sentrum av Stavern.

Torget i Stavern. Der var ei lita bod med sal borte på torget. Bøker og nips.
 På Tollerodden i Larvik er det mange store flotte tre.  Larvik kyrkje i bakgrunnen.
Vi var forresten i Tjølling kyrkje i dag. Presten der er ørsting, Kari Robinson. Ho snakkar vårt mål. Det er jo kjekt.
Ute på Tollerodden står statuen av Thor Heyerdahl og ventar på den store feiringa neste år. Dei er i gong med planlegginga i kommunen.



2 kommentarer:

Annfrid sa...

Hei,det var mange fine haustbilete.Vi grev i mold og jord endå om vi er komne til 7.okt.Eg var den einaste her i slutten av gata vår som sette blomkaresfrø denne våren.Blomkarsene står så tirande rundt den store steinen i hagen og lyser opp.I år sådde eg ei lav sort av dei.Så har Per klipt tuja-,gran-og mispelhekkane,solbærbuskane og alle andre prydbuskar og felt Koreagrana.Eg hjelpte han.

Besta sa...

Eg misunner dykk det fine veret. Her også er hausten komen, alle lindetrea i Vik var gule i dag. Siste dagane har vi hatt regn, men her er ikkje kaldt. Blomkarsen på garasjeveggen blomstrar enno, det gjer rosene også.