torsdag 2. april 2015

Påskeutstilling i Stavern


Asle og eg på veg inn på Fredriksten verft for å sjå på påskeutstillingane. Der er no 25 galleri med kunst og handverk. Og ute har barnehagar dekorert i trea.



Fint ver. Litt kald vind.

Kjeppar med fine fargar opphengde i eit sykkelhjul..

Dekorerte flasker og eingongshanskar.
Dei har nok hatt det kjekt, dei som har laga alt.
 

Vi såg og inn i ei stor sjøbu der dei restaurerte gamle trebåtar. Det lukta godt og velkjendt for oss som har kjent og kjenner båtbyggjarar.

Vi ser over til citadellet på øya.








Og i beddet ved huset vårt blomstrar krokusen.

2 kommentarer:

Annfrid sa...

I hagen vår er det nokre cm snø som skjuler krokkusane akkurat no.Førre veka var Olav og Per til Stavanger og henta båt som dei hadde på slep ( på vogn) heile vegen utan berre naudsynte pausar,heim til Ulsteinvik.Akkurat no er Emil Olav på besøk hos oss nokre timar medan dei andre er på veg ut hit og dit.Eg og Linnea var på kunstutstilling (måleri)i førre veke,det var amatørar som stilte ut.God påske vidare!

Bjørg sa...

Takk for kommentar!