Dei som har lese Tråden av Viktoria Hislop
kjenner att mykje her.
Nydeleg gategolv i Ohrid.
Byen med perlene.
Vi fekk tur med robåt på ein sjø der vi kunne sjå at vatnet bobla opp frå botnen, ein oppkomesjø.
Det rann ut ei elv frå denne sjøen ut i Ohridsjøen.
Vatnet både her og i den store Ohridsjøen er utruleg klart og reint.
Ei lita kyrkje på ein knaus ved Ohridsjøen.
Vi gjekk ned der på ein fin sti i skogen.
Små robåtar rodde oss inn att til byen.
Eit fint turistområde med restaurant.
Det var nytt i år, sa gaiden.
Her er vi i robåten på oppkomesjøen.
Flotte damer som sel handarbeid.
Eg kjøpte tre par sokkar med dei.
Dei var strikka av heimespunne garn.
Med ei anna dame kjøpte eg ein rund brodert duk.
Og på sundag kom paven til Tirana.
Programmet vårt vart heilt skipla.
Så vi såg på paven i staden. Tett med folk som trengde rundt oss. Hans mista passet sitt. Det vart stole ut av ei glidelåslomme på bukselåret.
Det vart mykje styr for å komme ut av landet utan pass.
Vinsmaking var visst obligatorisk.
Dei dyrkar mykje druer og lagar mykje vin.
I Hellas såg vi og mykje tobakksplanter og blad som hang til turk på snorer under plasttak.
Vi hadde ein fin båttur på Bosporos då vi var i Istanbul.
Gresk salat med store ostestykke.
Det smakte godt, men var ein stor porsjon.
Dette var lunsjen ein dag på ein uterestaurant.
Vi fekk mykje tradisjonsmat frå landa vi reiste i.
1 kommentar:
FOR ein fin tur dette må ha vore!
Mange interessante opplevingar litt utanfor alfarveg.Det er vel litt nytt for dykk å reise på organiserte turar? Vi har reist berre på småturar i år, mest i nabofylket.Fint det også i nydelig vêr.
Legg inn en kommentar