lørdag 20. juli 2013

Sommargjester


Vi må jo vise fram attraksjonane våre her.
I går besøkte vi Vikingmuseet i Kaupang og fekk omvisning og forteljing om Noregs første by.
Det budde 600 - 800 menneske her i by med gater.
Dei dreiv jordbruk og mykje handel med Europa og Østen for 1200 år sidan.
I Kaupang har dei rekonstruert vikinghuset og elles stilt ut slikt som er funne i utgravningar her.
Jentene kjøpte glasperler som var ei vare frå den tida. Desse er nok laga i vår tid etter mønster frå funn.

Opstadvev og garn farga med plantefargar.


Astrid sine glasperler. Ho skal lage noke av dei.

Og bokstaven A i runeskrift.








Ubongospel på tunet vårt i sola.

Solsikka spratt ut og sukkerertene begynner å bli etande.

Ingen kommentarer: