lørdag 15. desember 2012

Strikkedilla


Johanne sin genser var ferdig før vi reiste til Sola.
Det var 28. november vi reiste med toget dit.
Eg hadde med Johanne sin genser som reklame.
Den 29. var vi til Sandnes Ullvarefabrikk.
Der var massevis av garn og vi fekk gode råd.

Garn vart kjøpt til to genserar.
Jentene i Larvik må sjå på garnet sjølve.






Eg starta fredag med å strikke Astrid sin genser.
Han var ferdig på måndag. Strikka litt sundag kveld og.
Astrid sjølv og Kari strikka og litt.

Eg starta på Helene sin på tysdag. Han vart ikkje heilt ferdig
før heimreisa. Men på toget frå Sandnes til Larvik om fredagen strikka eg resten. Reisa tok 9 timar og gjekk om Drammen.
Helene sin genser vart send i posten måndag og var på Sola
på tysdag.

Det er kjekt strikk og går fort.
No har eg nettopp begynt på Sunniva sin som skal vere
ferdig til jul.
Eg er no spent på om eg får eit par bestillingar til
frå Arendal. Det skal gå fint, men ikkje til jul.
Vi har vore i garnbutikken her i Larvik
og kjøpt garn til Inga og Sunniva.

I dag vart Inga sin genser ferdig.
Dessverre var Inga ikkje i form til
bilete. Ho har feber og ligg og orka ikkje
vere på bilete. Men ho likte genseren.

Helene var godt nøgd med den blå genseren.





5 kommentarer:

Besta sa...

Det har ikkje vore spørmål etter genser frå dei tre jentene våre.Men den eine av dei strikkar Skappelgenser sjølv.
SEr at du har meir enn nok å styre med i ditt nye liv.
Eg har så mykje som eg kan og vil.Slepp å kjede oss.
Håper de får ei fi n jul!

Bjørg sa...

Ja, dagane går fort. I år lagar eg ikkje smultringar og fattigmann. Har kjøpt eit elektrisk krumkakejarn og har laga ein porsjon. Satsar på det i år og kanskje kokosmakroner til Hans.

solveig sa...

Litt av ein produksjon!Tiandeklassingen min har begynt på ein til seg sjølv. Bolen er ferdig, men eg trur mora snart må gripe inn og få ermane ferdige.

Annfrid sa...

Hei, det er svært kor du strikkar.Du slappar sikkert godt av når du jobbar med det du likar.Det siste eg laga av julekaker var S-posten sine julemenn,og Nora og Linnea var gode hjelparar.Seier no god jul,skriv seinare julebrev.Dette er det første eg skriv på mi nye datamaskin.

Bjørg sa...

Takk for alle kommentarar!
Gratulerer med ny datamaskin, Annfrid!