lørdag 8. september 2012

God hjelp til hogging av tre

Vi hadde ønskje om å ta vekk nokre tre attmed vegen. 
Eigentleg var dei vel på vegvesenet sin grunn.
I dag kom Dag med mykje mannskap og det vart trehogst.


Bestefar Jens er skogmann og svinga øksa.
Jentene  lempa greiner.
                                                                 Ikkje vått på plenen i dag.
        


 Vi hadde graut til alle klokka fire. Etter trehogsten var det kaffi med kake.
I dag tidleg leverte Dag kake til kakelotteriet for handballen. Johanne selde lodd på Menybutikken frå klokka 11 til 13. Då kom bestefar Jens og tok lodd. Og han vant kaka som Dag hadde levert. Veldig god sjokoladekake!  Elin er i Italia nokre dagar.



1 kommentar:

Besta sa...

Eg les bloggen din heile tida, men kommenterer ikkje så ofte, det blir mykje FB-og litt for mykje data i det heile tatt.Denne veka som kjem blir travel med mykje besøk.Og møte i pensjonistlaget på onsdag.