mandag 13. februar 2012

Morsdag og tenkjedag


Vi har hatt fint kaldt ver i vekevis. Det er nesten kjedeleg!
I går, sundag og morsdag var eg på skitur i lag med Inga, Sunniva, veninne Rikke og Elin. Hans hadde først vore til flyplassen med to greske jenter pluss Sunniva og Rikke som var med for å seie adjø til gjestane sine. Hans gjekk til fots i lag med Dag og foreldra hans. Min tur var ca. fem km, i lengste laget. Men eg kom bra frå det. Løypa gjekk gjennom skog med store gran- og furutre med snø på. Sola kom av og til ned mellom trea. I dei brattaste bakkane tok eg skia av. Ville ikkje risikere noko. Kneet greidde det bra.

I dag var eg på speidarmøte med oppdagarane. Det var tenkjedagsfeiring. Eg hadde med flagga mine. Vi hadde eit fint møte med mykje kjekt program.

3 kommentarer:

Besta sa...

Ser ut som om du har fullt program! ? Her har vi også kjedelig ver, snø og slaps. Ville gjerne ha bytta ver med deg.

Annfrid sa...

Vi hadde alle til morsdag tysdag,ei stor gryte brennsnut.Søndag var det berre Torbjørn som var her.Per skal no til å steike storsild frå Svinøyhavet til middag til oss to.Eg gler meg,han steiker på gamlemåten med snitt i silda.Her er no 4pluss,seinare nordvest kuling,snø og regn.

Bjørg sa...

Takk for kommentarar!