søndag 6. november 2011

Sundagstur på Mølen

I dag har vi hatt ein fin tur til Vestfoldraet sin ytterste spiss.
Der er ei lang rullesteinstrand med mange gravhaugar som skal vere frå
jarnalderen. Her skal visst vestfoldkongen Øystein Halvdanson vere gravlagd.
Og det var her i bukta bak Mølen at det viktigaste sjøslaget i vikingtida
gjekk føre seg i 1016. Slaget ved Nesjar. Då Olav Haraldson rydda av vegen dei fremste fiendane,
Einar Tambarskjelve, Erling Skjalgson og Svein Jarl. Noko som førte til at Noreg vart samla og kristna og at Olav vart Olav den Heilage.

Bjørg, Elin og Rigmor på turstien.

Kaffi- og varm saftrast.
Rigmor hadde med nysteikte vafler til alle. Ymse andre godsaker vart og fordelte.

Vi var der det står eit firetal på kartet. (Forstørr biletet).

Dag viser og forklarer om korleis Det store Raet oppsto.
Iskappa som låg over Skandinavia pressa landmasse ut.
Frå Mølen går Raet undersjøisk over til Østfold. Det kjem opp litt lenger ute i fjorden her.
Det er Jomfruland som vi kunne sjå ut til.

2 kommentarer:

Besta sa...

Veldig interessant å utforske natur/kultur på nye stader. Og kjekt at du deler med andre geografiinteresserte.diberi

Besta sa...

Ser at "kodeordet" kom med i teksten. Såg det litt for seint.