søndag 27. november 2011

Speidaropptaking og juleverkstad


I dag har vi vore på speidargudseneste med opptaking av nye speidarar. Inga vart oppterken som oppdagar. Det var fint og høgtidleg. Alle sa fram fint:
"I tru på Guds hjelp lovar eg å hjelpe andre og alltid gjere mitt beste."
Og så fekk dei gult skjerf. Knute har dei laga av tre med innsvidd namn på.


Vi brukar å ha juleverkstad om onsdagane i Rekkevikløkka.
Inga og Mina er veldig kreative og lagar både mine modellar og sine eigne.
Det er hemmeleg kva dei lagar.

Elles har vi hatt besøk av Asle og gutane frå Arendal denne helga.
Vi har sterk vind om dagen, men merkar vinden berre når vi er ute.
Huset er tett og godt.

1 kommentar:

Annfrid sa...

Ser at du har juleverkstad.Det har eg og Per også hatt.Vi har baka julemenn med Sunnmørsposten si oppskrift,kjempegod deig å bake ut og mange julemenn,damer,grisar,juletre og stjerner.I dag har vi hatt med Nora og Linnea på barnerevy på Dimna grendahus, og etter vi kom i Bugarden laga vi 54 risbollar som dei fekk med heim.Stor stas.Per fyrer i omnen,det er fint inne med 2 adventslys som skin,men svært ruskete ute.