tirsdag 15. november 2011

Kulturbyen Larvik

I dag har vi vore på foredrag i Pensjonistuniversitetet som det heiter her. Mykje folk i Storsalen i kulturhuset Bølgen. Kultursjefen i Larvik hadde eit flott og interessant foredrag: Treng vi kultur? Han bygde godt under at vi gjer det.
Etter foredraget var det kaffi og eit påsmurt rundstykke (vi betalte 50 kr). Og vi kunne sitte i lag med nokre andre og prate med dei.
Her i Larvik er det mykje kulturtilbod. Ei stor oppleving hadde eg sist fredag. Då var eg på konsert med Oslo - filharmonien. Kulturhuset her er den einaste staden dei spelar utanom Oslo. Ei stor oppleving! Hans ville ikkje vere med, Elin kunne ikkje heller. Så ho skaffa meg ei av sine kjenningar, Ellen.
Sist laurdag hadde dei noko dei kalla Kulturnatt. Over hundre arrangement i Larvik og omegn. Det er ein årviss presentasjon av kulturmangfaldet her.
Vi har også fått eit pass, Larvikpasset. Det får alle nye innflyttarar, og det kan vi bruke på fleire ulike tilbod gratis eller til redusert pris. Vi skal prøve Farris Bad til helga er planen. Passet varer i eit heilt år. Og eg har også lyst å sjå ein handballkamp. Det er og med i passet.

1 kommentar:

Besta sa...

Ja, det ser ikkje ut til at de får tid å kjede dokke. Faktisk er her veldig mykje å ta seg til her i Ørsta også, særlig i denne førejulstida.Vi deltek mest på slik som barnebarna er med på, og det som går for seg i pensjonistlaget. Stort meir rekk vi ikkkje over.I morgon er det møte i pensjonistlaget, laurdag er det kultuskulekonsert i Voldakyrkja, sundag skal eg på boklansering i Åsentunet osb.