onsdag 9. november 2011

Gravearbeid

I dag har vi hatt gravearbeid framfor huset. Det er kome mur mellom oss
og naboen til venstre. Vi skal ha stein på området. Men det var feil sort masse der.
Så no tok dei vekk alt og skal legge på ny og betre grus og sand.
Det kostar nok pengar, men må gjerast.
Så fann Dag nokre merkelege runde mørke flekkar, 60 - 70 cm i diameter.
Kan det vere kokegroper frå gammal til, lurer han på. Ja kanskje vi må til med
utgravingar?

2 kommentarer:

Besta sa...

Ja, då blir det forseinkingar i arbeidet i så fall. Men Vestfold vart vel tidlig befolka, så det er ikkje utenkelig at de har hamna på ein gammal buplass.

Bjørg sa...

Det ser slik ut. Men eg har teke vare på potteskår, steinar, litt sand og mold i tilfelle vi kan få det analysert.