I går kveld var eg med på møte i Engang Alltid her.
Møtet var i Bugården kirke i Sandefjord, og eg vart henta med bil av to speidardamer som bur nær meg. 15 damer var samla. Nokre av dei framleis aktive i speidararbeid. Ei ung dame, dotter til leiaren, hadde andakt. Ho dramatiserte Marta som fekk besøk av Jesus og læresveinar. Veldig fint! Hovedprogramposten var ved ei av damene som arbeider i bokhandel. Ho hadde med mange nye bøker og fortalde om dei. Eg vart spurd om å fortelje om min speidarbakgrunn, og det gjorde eg. Maten var ostar, frukt, kjeks og brød på buffet. Te og kaffi. Vi betalte 30 kr kvar.
Kjekke speidardamer som eg trur eg kjem til å trivast i lag med.
Eg fekk eit kjøleskapsmerke med påskrift:
"Gode venner er som stjerner. Det er ikke alltid du kan se dem, men du vet at de er der."
1 kommentar:
Det var det eg sa då du flytta:"Ho Bjørg kjem fort inn i miljøet på ein ny plass, for ho har så mange interesser og har vore med i mange lag og foreiningar." No ser eg at eg fekk rett! Kjekt det. Men synest det er trasig at Hans kjedar seg litt, det er kanskje vanskeligare for menn å finne seg eit nytt miljø-det er damene som har alle desse sosiale møteplassane.
Legg inn en kommentar