onsdag 11. august 2010

Ei spennande bursdagsgåve.

Eg fekk mange bøker til bursdagen min. Og det er kjekt.
Ei av bøkene er spesiell. Det er ei e-bok, og det var gåve frå barn og barnebarn.
Eg kan laste inn 1500-2000 bøker til ho. Det går fort og, berre fem sekund etter eg har trykt på "bay", så er boka lasta inn. Det er fantastiske saker.No har eg kjøpt tre bøker. Dei kostar 70 kr for kvar. Alle bøkene er på engelsk, så no håper eg å betre engelsken min. Eg kan kjøpe bøker overalt der det er dekning. Også ved hjelp av mobilen. Det øverste biletet viser boka i kvilemodus. Då er der bilete av ulike forfattarar eller naturbilete. Eg kan velje kor stor skrifta skal vere. Og der er ordbok lett tilgjengeleg.
Den første boka eg les heiter "The help" av Kathryn Stocklett.
Så har eg kjøpt "The Island" av Victoria Hislop. Den har eg lese på norsk, og då trur eg eg vil lettare kunne lese ho på engelsk.
Den tredje er Lonely Planet Russia.

1 kommentar:

Besta sa...

Stadig nye tekniske vidunder altså!Det høyrest spennande ut. Men eg held meg til den "gammaldagse" discmanen min for det meste. Har MP3 spelar også, men då må eg først laste bøkene inn på datamaskinen, og så over på MP3.Det er lurt viss ein t.d. skal gå tur med bok-ikkje så aktuelt for meg.