lørdag 3. oktober 2009

På Vasamuseet

Hovudmålet for turen i Sverige var Vasamuseet.
Hans og eg var der i 1994, og sidan då har museet vorte veldig mykje meir utbygd.

Mykje interessant for Jakob og Jonas.
Her ser vi på modellen av skipet då det krenga for ei lita vindrose
og sokk på hamna i Stockholm på jomfruturen.
Og der låg det i 333 år.

Sagan om Vasa er skriven av svensken Bertil Almqvist.
Det er ei bok skriven for barn og fortel historia om skipet,
utruleg utsmykka og med 64 kanoner og alt for lite ballast,
eit døme på stormannsgalskap då det vart bygd,
og på dyktig arbeid då det vart heva frå sjøbotnen i 1961 og teke vare på.
Det skal vere verdens eldste fullt identifiserte skip.
Asle forklarar for gutane sine.

Posted by Picasa

Ingen kommentarer: