No er fiskesesongen slutt for denne sommaren. Litt synd så fint ver som det var i dag. Men båten er komen vel inn i naustet. Hans jobbar med høgtrykkspylaren. Ho som ikkje jobbar, kviler seg etter luking ved hytta. Har spreidd kalk på einestapebakken. Så får vi sjå om det virkar.
3 kommentarer:
Skal de ut og reise sidan de sular opp så tidleg?
Vi var utover til Pekas og Ulsteinvik sist mandag. Vi køyrde også bort til hytta dykkar,men det såg ikkje ut som der var folk. Men for ein plass de har der ute! Vi har planer om å ta båten ut dit ein gong det er VELDIG fint ver.
Vi skal på ein rundtur til våre barn. Asle har bestilt hotellrom i Stockholm. Han vil dit og sjå på Vasaskipet i lag med gutane sine. Tvillingane fyller 10 år no i september. Då skal Hans og eg få vere med. Vi gler oss til det.
Elles prøver Hans å finne tur til India seinare i haust.
Vi var på hytta onsdag og torsdag no sist. De må prøve igjen.
Vi har tenkt å prøve å finne "vegen" med båt, for moro skuld.
Vasaskipet har vi berre sett litt av,frå sentrum i Gamla Stan.Stockholm er ein nydelig by, men byvandring og anna vandring må eg avstå frå Dessverre.De får ha god tur både hit og dit!
Legg inn en kommentar