tirsdag 18. august 2009

Loftrydding
















I dag har eg rydda litt på loftet, i ei hylle med gamle permar. Dei fleste kan nok kastast. Lite truleg eg les meir på gamle notatar i norsk eller biologi. Handarbeidspermane frå lærarskulen vil eg likevel spare endå litt. Dei har visst vore lite brukte. Tinga er like fine som då dei vart lagt inn for snart 50 år sidan. Kanskje dei kan illustrere ei anna tid.

3 kommentarer:

Besta sa...

Handarbeid var mitt verste fag på lærarskulen, men eg hadde ein ganske fin perm.Den som berre visste kvar han var!Vi treng visst loftsrydding her også.
Tinga eg laga i handarbeidstimane har forsvunne på mystisk vis. Sikkert det beste!

Besta sa...

PS: Det ser ut til at du har vore ein meir pliktoppfyllande og flink elev enn eg!

Bjørg sa...

Takk for kommentar!
Eg la nok ned ein del arbeid i handarbeidspermane, men eit tankekors er at dei ikkje vart brukte i skulen. Ein grunn var vel at eg ikkje underviste mykje i handarbeidsfaget, men trur og at faget vart endra.