torsdag 25. april 2013
Engang Alltid i Berlin
Engang Alltid i Larvik og Sandefjord
har felles foreining.
20. til 23. april var vi på tur til Berlin i tre dagar.
Veret var litt varmare enn heime, og trea grønkast så vi såg forskjell frå dag til dag.
Sundag var vi i gudsteneste i Berlinerdomen. Kjempestor kyrkje og full av folk. Her sit vi på kyrkjetrappa.
Nokre av gjengen framfor TVtårnet. vi tok heisen opp og hadde flott utsyn.
Våren i Berlin.
Ein times båttur på elva Spree. Her kjem vi forbi Berlinerdomen.
Pausar på fortauskafear og fine middagar om kveldane.
Kjekk tur og eg vart kjend med desse damene.
Foreininga her har 20-årsjubileum i år.
Spesiell helsing til Eingong Alltid i Ørsta Volda.
onsdag 17. april 2013
Slekt i Froland
Astrid og Geir har kjøpt hus i Froland og har flytta inn for to veker sidan.
Dei har fått seg eit fint og koseleg hus.
Og dotter, svigerson og barnebarn i nærleiken.
Vi hadde ei koseleg stund i lag med dei
på veg heim frå Arendal sist sundag.
Dei har fått seg eit fint og koseleg hus.
Og dotter, svigerson og barnebarn i nærleiken.
Vi hadde ei koseleg stund i lag med dei
på veg heim frå Arendal sist sundag.
Besøk i Arendal
Vi hadde taco på laurdagskvelden.
Det er god og populær mat.
Og alle kan hjelpe til med tillaginga.
Russejenta Eili har det travelt for tida.
Ho er sjefen for russerevyen.
Jonas og Jakob kommuniserer med kameratar
som er heime med seg.
søndag 7. april 2013
Vistehola
Vi var på sundagstur til Vistehola eller Svarthola som det står på skiltet som viser veg.
Det er ikkje langt frå Sola.
Det er ei lita hole som steinalderfolka brukte når dei fangsta. Det er funne mykje leivningar der, så vi kan sjå kva slags dyr og planter dei fekk maten sin frå.
Det var nydeleg ver, litt kald vind.
Nokre utforska andreetasjen over hola.
Helene og Mathias.
God middag
Vi vart inviterte på Godt Levert - middag hos Elin og Dag.
Det var ein pastarett med kjøtt og blomkål og tomatsalat. Gode krydder. Det smakte godt!
Takk for maten!
Det var ein pastarett med kjøtt og blomkål og tomatsalat. Gode krydder. Det smakte godt!
Takk for maten!
tirsdag 2. april 2013
Påskeutstilling i Stavern
Kvar påske er det kunstutstillingar i Stavern.
I år i det fine veret var det mykje folk komne for
å sjå utstillingane.
Mykje forskjellig.
Mange fine maleri.
Flott glaskunst.
På torget var det brukthandel.
Eg fekk med meg heim fire krimbøker.
Tenkte eg må gjere meg kjend med dei lokale
forfattarane.
Barnehagane lagar kunsten i trea.
Kaffi ute i sola vart det og.
Og nokon å prate med.
tirsdag 26. mars 2013
Påsketur til Lauvesetra
Vi har fått kjekt besøk frå Sola.
Mathias kom med flyet, og vi henta han på Torp.
Han og Inga har det kjekt i lag.
Tur til Lauvesetra i lag med Elin og jentene.
Hans og eg gjekk til fots på ein køyreveg.
Der var snøføre, men greitt å gå.
3,8 km kvar veg.
Alle dei andre gjekk på ski opp.
Vi kom fram samstundes og hadde kaffirast i hytteveggen.
søndag 24. mars 2013
India
India er eit stort land. Utruleg mange menneske og store forskjellar.
Vi budde på flotte hotell. Dette er i Delhi.
Reiseselskapet var Albatros, og reisefylgjet talde 31 personar, dei fleste opp i åra.
Vi hadde ein flink norsk gaid. Han var fødd i Stryn.
I India hadde vi i tillegg ein indisk gaid som var svært kunnskapsrik og hadde eit behageleg vesen.
Vi hadde same bussen heile tida, og bussjåføren imponerte. I tillegg hadde vi ein smilande hjelpemann
på bussen. Han forsynte oss med vatn og hjelpte oss av og på bussen.
Her budde vi idyllisk i ein hage ute på landet. Vi var på safari og såg etter tiger. Og jammen var vi heldige og fekk sjå både tiger, leopard, hjortedyr i massevis, aper, mange påfuglar og andre fine fuglar m.m.
Hindutempel.
Vi fekk ikkje fotografere inne. Tok av oss skoa.
Som vi har høyrt, gjekk kyrne i gatene i Delhi og andre byar. Dei gjev mjølk og gjødselen blir brukt til brensel.
Opp til Amber Fort som ligg utafor Jaipur, sat vi på elefantryggen.
Høgdepunktet på turen var å sjå Taj Mahal.
Vi vart gjortkjende med historia bak av gaidane.
Kvelden før såg vi eit teaterstykke som fortalde historia om yndlingskona til stormogulen som døde då ho skulle føde det fjortande barnet hans. Sorga var stor, og han bygde det flotte gravmausoleet i kvit marmor. Det er det flottaste bygg eg har sett! Og større enn eg hadde tenkt meg.
Der var fullt av folk. Inderane valfartar dit.
Inne i mausoleet var to sarkofagar inne i ei innhegning. Der var ikkje lov å fotografere, og vi måtte ha trekk utapå skoa,
fredag 8. mars 2013
Basar i Østre Halsen
I går var eg innom Østre Halsen kirke med gevinstane mine til basaren dei skal ha no før påske.
Der var det arbeidsmøte. 8 eldre damer sydde på maskin, broderte og strikka. Dei tok med takk imot gevinstane mine: Lestar, fadervår-bilete og ein duk kjøpt på marknaden i Puerto Mogan.
Inviterte meg til å drikke kaffi med dei. Mat hadde dei med kvar til seg. Delte med meg. Vi song Gledens Herre. Ei av damene hadde funne eit morosamt stykke i ei bok - noko frå gamle dagar.
Elles fekk eg vite litt om folk og stader i nærleiken.
Dei arbeider for NMS og Madagaskar.
Ei av damene var fødd på Madagaskar.
Der var det arbeidsmøte. 8 eldre damer sydde på maskin, broderte og strikka. Dei tok med takk imot gevinstane mine: Lestar, fadervår-bilete og ein duk kjøpt på marknaden i Puerto Mogan.
Inviterte meg til å drikke kaffi med dei. Mat hadde dei med kvar til seg. Delte med meg. Vi song Gledens Herre. Ei av damene hadde funne eit morosamt stykke i ei bok - noko frå gamle dagar.
Elles fekk eg vite litt om folk og stader i nærleiken.
Dei arbeider for NMS og Madagaskar.
Ei av damene var fødd på Madagaskar.
søndag 3. mars 2013
Sundagstur og bursdag.
I dag har vi gått langs Indre havn i Iarvik.
I kulturhuset Bølgen var det mykje folk, ungdomar og ein del vaksne. Det var visst noko med Ungdommens kulturmønstring.
Der er endå mykje is der vi går, men det minkar!
For ei veke sidan låg det isklumpar i hamna der svanene låg og sumde. No var isen borte.
Svanene og.
Elin har bursdag i dag.
Vi var samla til kaffiselskap.
Johanne og Sunniva kom inn med sjølvlaga kake med lys og fyrverkeri på. Og bursdagssong.
Diverre har Inga feber og har lege på sofaen i går og i dag. Ho er litt betre i dag.
I kulturhuset Bølgen var det mykje folk, ungdomar og ein del vaksne. Det var visst noko med Ungdommens kulturmønstring.
Der er endå mykje is der vi går, men det minkar!
For ei veke sidan låg det isklumpar i hamna der svanene låg og sumde. No var isen borte.
Svanene og.
Elin har bursdag i dag.
Vi var samla til kaffiselskap.
Johanne og Sunniva kom inn med sjølvlaga kake med lys og fyrverkeri på. Og bursdagssong.
Diverre har Inga feber og har lege på sofaen i går og i dag. Ho er litt betre i dag.
søndag 24. februar 2013
Skitur
I dag har vi hatt ein fin skitur i fint ver.
Vi køyrde opp Lågendalen til vi kom til Siljan i Telemark.
Vidare oppover til Vindfjell, 15 km frå hovudvegen.
5 mil å køyre frå Larvik.
Det var eit par kuldegrader og fint føre.
Bjørg, Inga og Hans.
Dag hadde fleire skiturar i skituren.
Her er han nettopp komen frå ein tur for seg sjølv.
Og vi har fått fyr på bålet.
torsdag 21. februar 2013
Vinter i Larvik
Sist sundag gjekk vi tur langs sjøen i Larvik
Hans er her på veg bortover til kulturhuset Bølgen.
Det var kaldt, fleire minusgrader og kald sno.
Rasteplassen på Batteristranda ventar på sommar.
Isklumpane skvalpa på stranda under spahotellet.
Snarveg ned til sjøen. Han blir visst brukt.
Til høgre i biletet er eit lite telt, sett opp av raier og med teltduk over. Vi gjekk forbi der på turstien. Nett då bada ein flokk kvinner og menn i nettoen i sjøen utfor teltet.
Vi las om dei i avisa. I teltet skulle det vere badstuevarmt ved hjelp av varme steinar. Det var i alle fall kaldt ute. Vi var ikkje freista til å delta.
I dag flagga Larvik på Gloppebrua. For kongen.
Isen ligg på Lågen Nedafor brua ser vi så vidt ope vatn lengst nede mot fjorden.
Oppover elva er det berre is å sjå.
Abonner på:
Innlegg (Atom)