søndag 15. mars 2015
Sundagstur til Heisetra
Sundag 8. mars, på kvinnedagen hadde Hans og eg ein fin tur til Heisetra som ligg i vestre Kodal i Andebu. Vi køyrde ei mil på skogsveg frå hovudvegen, og kom då heilt fra til hytta. Derifrå går det stiar innover i skogen, Fint om sommaren og i bærtida.
Vi kjøpte vafler og kaffi og sat litt i solvegggen.
søndag 1. mars 2015
Handletur til Sverige og besøk hos Dulka
Vi tok turen med Colorline til Strømstad sist torsdag. Køyrde eit lite stykke til Nordby Kjøpesenter. Asle var sjåfør.
Vi hadde ikkje tenkt å kjøpe så mykje, men med så mykje varer, vart det kjøpt ein del. Billege bøker på norsk. Det kjøpte vi ikkje.
Asle såg på sportsutstyr til sønene sine. Kjøpte ein slalåmhjelm.
Eg kjøpte bacon, ein stor rull.
Må fryse det i mindre porsjonar.
Frå Nordby køyrde vi til Fredrikstad. Der besøkte vi Dulka. Ho serverte nydeleg suppe og godt bakverk.
Ho har ein grei bustad, men dyr.
Ho seier ho angrar på at ho flytta frå Ørsta og alle venene der.
søndag 22. februar 2015
Sundagstur til Langevannstua
Vi var først i Østre Halsen kyrkje klokka 11. Med kyrkjekaffi. Så tur.
For å komme til Langevannstua køyrde vi gjennom Kjose og opp til Saga.
Det var ca ei mil frå gamle E 18 og opp til Saga som er i enden av Kjosebygda.
Derifrå gjekk vi på traktorvegen 1, 4 km. Vegen var ganske islagd. Vi greidde det ved å gå i traktorsporet der isen var litt oppkøyrd. Vi kom velberga opp.
Der rakk vi akkurat dei siste vaflene før dei stengde for dagen klokka tre. Hytta er driven av Kjose Idrettslag, og det var pensjonistar på frivilleg jobb der.
Langevannstua er ei lita hytte utan straum. men dei har eit aggregat, så pass dei får kokt kaffi og steikt vafler.
Koselege folk der.
På vegen gjennom Kjosebygda, såg vi igjen på den gamle flotte eika. Uvisst om ho er 500 eller tusen år gamal.
På veg nedover ser vi Kjose kyrkje nedafor eika.
I toppen av eika er der eit fuglehus.

søndag 15. februar 2015
Jordbrukstur på Gran Canaria
Ein av dagane vi var på Gran Canaria var vi med på ein busstur til jordbrukslandet.
Vi vart imponerte over kor mykje dei dyrkar der.
Det viste seg og at det var "ulltur". Sal av ullprodukt. Denne gongen slo eg til og bestilte ei ullseng.
Det blir spennande å prøve. Andre stopp på turen var Aloe Vera farm. Der serverte dei vin og smaksprøver av planten. Ikkje særleg..!
Eg skriv kontrakt. Ullteppa skal komme frå Tyskland om fire veker.
Vi spaserte ein kilometer gjennom jordbrukslandet. Fekk sjå mykje.
Imponerande alt dei dyrkar.
Her får vi servering på ein bondegard. Mange spennande rettar av jordbruksprodukt.
Kaktus
Aloe Vera
Gartneri med blomster.
Flott mandeltreblomstring over alt.
Appelsiner
Julestjerne i blomst
Imponerande jordbærfarm.
Vi fekk smake på bæra.
Fine og gode!
Fikentre før blomstring og lauv.
tirsdag 10. februar 2015
Abonner på:
Innlegg (Atom)