søndag 25. september 2011

Besøk av Kirsten og Ottar.

I nydeleg solskinn kom svigerinne Kirsten og bror Ottar på besøk om fredagen.
Det var regn på Vestlandet, sa dei. Dei kom frå Bergen.
Det første vi viste dei var badestranda vår i Rekkevikbukta, 5 min å gå.
Laurdagen hadde vi omvisning i Larvik med Sunniva som gaid.

Dag jobbar i båten sin Maribell som ligg i trebåthamna i Larvik sentrum.
Og vi var sjølvsagt på besøk der då vi spaserte i Larvik.

Dei er stolte av det flotte spahotellet som er kåra til det beste spahotellet i Noreg,
Farris bad. Det er heilt nytt.


Spasertur på Tollerodden med monument over Thor Heyerdahl og Collin Archer.
Det var der dei bygde mange redningsskøyter for 100 år sidan.
Sunniva var flink gaid.

Kulturhuset Bølgen er eit kjempeflott anlegg med mange kinosalar, restaurant og kunstutstillingar. Vi spaserte litt der innadørs. Eit kor hadde gratiskonsert.

Og så var vi ein tur til Stavern, spaserte i gatene og i Karl Johansvern.


Laurdagkveld med kylling i Rekkevikløkka. Sundag etter frukost reiste
gjestane. Mykje takk for besøket.

søndag 18. september 2011

Dugnad og kaffilatte.

På laurdag hadde vi to polske arbeidarar som kutta eit hjørne av verandaen.
Det vart mykje opnare og betre utfor garasjen.
At der var så trangt, kom nok av at vi hadde flytta garasjen lenger bak
No skal vi snart til med steinlegging på uteområdet.
Og så står det føre å male huset. Det er no berre grunna.


På laurdag frå klokka ni til elleve var det dugnad på Rekkevikløkka. Bra ver.
Vi hadde fått brev med innkalling frå styret i velforeininga.
På fellesområdet skulle gjerast kantslått, lukast rundt leikeapparata og rakast.
Det var flest menn som stilte opp, men nokre damer og.
Der stod ingenting om kaffi i innkallinga, så eg steikte nokre sveler og kokte kaffi og hadde med.
Svelene fall i god smak, og det blei ei hyggjeleg kaffistund etter dugnaden.
Kjekt å treffe naboane. Det er flest unge folk, men og nokre eldre. Vi er kanskje dei eldste.
Hans stilte med tilhengaren og køyrde til søppelplassen (Grinda) med hageavfallet.
Etterpå kalla vi inn Elin og jentene, besteveninna til Inga og, for å ete opp resten av svelene.
Dag jobba i båten.


I dag sundag, har vi vore i kyrkja til høgmesse. Der var eitt barn til dåpen. Ein gut som heiter Linus. Det har regna heile dagen. Sunniva og Johanne kom hit for å gjere skulearbeid. Heime hos dei var det for uroleg, for der var det rydding og utskifting av sommar-, vinterty og ditto sengety. Så dermed fekk vi to gjestar til middag. Kjekt! Til kaffi hadde vi invitert dei andre besteforeldra. Sunniva laga kaffelatte til oss, med karamellsmak. Eg er ikkje så god på slikt, så greitt å få det servert.

mandag 12. september 2011

Malehjelp

Vi fekk to dagar med fint ver i forrige veke. Då fekk vi måla garasjeporten. Johanne tok jobben.
Det har vore mykje regn og storm i siste del av august og no i september her i Larvik. Dag har fleire gonger måtta sjå til Maribell ved nattetid. Vi har fått eit godt hus og merkar ikkje så mykje til stormen når vi er innadørs. Men vi synest ikkje reklamen for det gode klimaet her held seg heilt opp att. I kveld har eg vore på speidar i lag med Inga. Dei hadde planlagt grilling ute, men vi måtte berre bruke kyrkjekjøkkenet og varme pølsene der. Stemninga var god for det.
I går var Hans og Asle på ein ekspedisjon til Oslo. Asle kjøpte ein bil som han hadde funne på internett. Hans er framleis i Arendal og kjem heimatt i morgon.
I dag er det val. Vi har førehandsstemt i Ørsta, for det var der vi hadde adr. 30 juni.
Så no fylgjer eg med i Mørenytt på Nett.

fredag 9. september 2011

Besøk i Arendal

Sundag var vi ein tur til Arendal. Nydeleg fårikålmiddag vart servert.
I underetasjen der Eili bur, kom vår gamle oppvaskmaskin inn,
men er endå ikkje kome på plass i benken.

Og vertsfolket som tok godt i mot oss.

Asle sagar ned store tre i nabohagen. Dei står for nær gjerdet.
Han må klatre opp og sage greinene ei for ei. Og så heise dei ned,
så dei ikkje skadar uthuset til naboen.
Eg syntest det såg ut til å vere ein farleg jobb. Men han sikrar seg godt, seier han.

torsdag 8. september 2011

På pizzarestaurant


Sist laurdag kveld var vi saman på pizzarestaurant i Larvik sentrum.
Alle fire besteforeldra var med.
Gode pizzaer og hyggjeleg selskap!
Og ikkje minst lettvindt for Elin og Sunniva som var klar til å reise
til Frankrike neste dag. Dei er på ei vekes ridetur i Loiredalen denne veka.
Johanne ser fram til at når ho er konfirmant, er det hennar tur å komme på ein liknande tur.

onsdag 31. august 2011

Besøk i Steinhovden


Vi besøkte bror Arne i Steinhovden. Dessverre var Gunn i Bergen,
men ho har lova å komme ein tur til Larvik.
Her viser Arne oss det nye huset han held på å byggje. No held han på med innreiing.
Det blir eit kjekt hus bygd med moderne materialer, varme i golvet, fint bad og vaskerom,
stor stove med kjøkken og stor hems.

Så spaserte vi på litt gjengrodde stier, den gamle bygdevegen.
Det var skulevegen min i barndommen.
Det er utruleg kor store trea er blitt!

Barndomsheimen min er no brukt til utleigehus.
No er det tomt. Frode Bonde har drive med oppussing.
Det er ein fin flat gard. Far min dyrka han opp frå myr med skog på.
No er det tredje generasjon som driv her.
Hytta som aller først var hønsehus, er no utleigd og.
Kyrne var på sommarbeite mange plassar i bygda.
Vi fekk vere med å hente nokre som hadde kome på feil side av gjerdet,
og kosa seg på naboen si mark.



Eg var på besøk hos kusine Solveig. Ho blir 90 år til våren.
Det er ikkje til å tru. Ho dekka kaffibord til meg, og vi hadde ein koseleg prat.
Solveig er fadder på meg.

Hans og eg besøkte og tante Inga i Redalen.
Ho hadde dekka bordet og kokt kaffien til vi kom.
Inga er "berre" 82 år. Vi snakka om då vi var
i lag på Kanariøyane sist vinter.
Kjekt å besøkje deg, tante Inga!

Her er vi på eit lite besøk hos Camilla. Bjarte var på tur.
Frode var der og med sine to. Dei var alle i leik på plassen nedafor huset.

Camilla og Agnethe, to blide, kjekke jenter.
Kjekt å besøkje dei!

Livleg hos mormor Turid

Hans og eg var på sundagsbesøk i Måløy.
Med fire små rundt seg er det mykje
underhaldning i huset til Turid og Leif.
Turid lagar middag til alle kvar sundag og fredag. Då er dei 6 vaksne og 4 små.
Familien som bur nede får middag hos mormor kvar dag.
I dag serverer ho kotelettar i saus og kålstuing. Nydeleg mat!

Isak, tre månader, er den yngste.
Han er ein flott og blid gut.

tirsdag 30. august 2011

Ruth og Pål 140 år.

Vi var mellom dei heldige som var inviterte til feiringa av dobbel 70-årsdag på Rovdetun sist laurdag. Mykje over 100 gjestar var samla. Hyggjeleg selskap rundt bordet.
Sverre Paul og Anne Marie, Andreas og Karin.
Og mykje flott program. Det er ei musikalsk familie.

Hans, Annfrid og Per, Margrethe og Arne.

Først kaldtbord med kald og varm mat. Etterpå eit rikhaldig kakebord.

Jubilantane måtte stille opp i "To trøytte fuglar". Dei gjorde ein flott
innsats med dramatisering.

onsdag 24. august 2011

Anders Hovden-statua på flyttefot.


I dag då vi kom på Ørstatur, såg vi at noko skjedde ved Anders Hovdenstatua.
Eg har venta på å sjå at ho var flytta bort til rundkøyringa som har vorte bestemt.
Og no skjer det! Vi stoppa for å ta bilete.
Der var ein til som fotograferte, kanskje frå avisa?
Varaordføraren og kommunegartnaren var der og.
Eit godt tak under sokkelen og forsiktig løfting, men så vinglar den store kroppen,
losnar frå sokkelen og deiser framover traktoren, trillar rundt og blir liggjande på ryggen.
Han ser nokolunde heil ut, så håper det gjekk bra. Karane ser betenkte ut.



mandag 22. august 2011

Haustarbeid på hytta

Eg har teke opp potetene i miniåkeren i dag. Det var litt tidleg, men det er no vi er her.
Idag hadde vi av dei til middag, og dei var skikkeleg gode.
Ned att i miniåkeren har eg sett hortensiaen som Kari og Tore fekk med gjestane sine i sommar.
Og så har eg planta keisarkrunene som har stått attmed huset i Ørsta.
Eg fekk dei med klassa mi då eg slutta. Syntest det var ei fin gåve å få med elevane. Dei har blomstra attmed huset i Ørsta i mange år.
Håper dei vil blomstre igjen her på hytta..