tirsdag 19. oktober 2010

Obs! Bokprogram på TV.

Eg såg nettopp eit interessant program på TV. NRK2: Bokprogrammet. Stille bestselgere.
Intervju med forfattarar og om bøkene. Trur programmet skal komme igen i morgon kl, 17.10.
Veldig bra!

lørdag 16. oktober 2010

Endeleg kom det solsikkeblomst

Vi var spente på om solsikkene rakk å få blomst.
Det gjekk så vidt.

Til Miljøstasjonen

Og det var slutten for hengebjørka til farmor Karen. Ho var nesten dekt
av eføy, og ho fekk skulda for mose på taket.
Så no får ho varme hytta til vinteren.

Arbeid på hytta i haustferien

Hausten er komen på hytta.
Lauvet dekkjer sjøvegen.

Dei nye hytteeigarane fjerner mosen på hyttetaket.
Alle i arbeid.

Her er mormor som ryddar i rundt rhododendronen.

Og Mathias han kosta verandaen.
Så no er alt i fin orden.

Haustferie med mykje besøk

Johanne, Enya, Marlene, Jakob og Jonas
gjekk på tur opp i Skåla i det fine haustveret.

Aslefamilien kom på besøk i 3 dagar etter å ha vore i Trondheim hos Oda.
Middag med omnsteikt makrell og fisk med grønsaker i folie.
Kjekt at Susanne som går på skule i Volda og var i lag med oss.

Besøk frå Larvik og Sola.

Kari fylte 45 den 10. oktober. Vi feira dagen i Ørsta.
Solafamilien hadde ein fin fjelltur til Molladalen.
Fårikålmiddag og bursdagskaffi i Ørsta.

Johanne hadde med seg to veninner til Ørsta og hytta.
Dei likte godt å få sveler til kaffien.

onsdag 6. oktober 2010

Rundtur til barn og barnebarn.

Inga går i andre klasse og gjer lekser på verandaen.
Veldig kjekt å få vere med på det og høyre på leseleksa.
Det går fint!

Blåbærpaien vart godt moteken.

Og så var det godt med årets første fårikål.

Nytt og oppussa kjøkkenmøblement i Arendal.
Dei har mange slike prosjekt på gang.
Vi var på tur i Arendal. Fint kulturhus har dei fått seg.
Det var fint ver, men kald vind.
Mathias har fått lue frå Russland.

Morfar har hjelpt Helene med å kjøpe datamaskin.
Veldig spennande!

Vi hadde nydeleg haustver på heimturen Stavanger - Ørsta.
Kaffirast ved Sognefjorden.

Jølstravatnet smilande i haustsola.

søndag 3. oktober 2010

Kreml

Kreml tyder borg. Her ligg området flott til ved Moskvafloden.
Med murar rundt.


Vi hadde omvisning av ein lokal gaid. Ho fortalde om bygningane.
Her peikar ho på bygningen der Medvedev og dei andre i statsmakta
sit og styrer landet.

Her går vi inn i Kreml. Vi gjekk gjennom ein port, men ikkje
spesielt med kontroll av oss. Gaiden gjekk føre.
Rundt ein stor plass ligg fleire kyrkjer. Det var i ei at tsaren vart døypt,
i ei at han vart krynt, i ei vart han gift og i ei vart han gravlagd.
Flott med gull på kuplane.

Tsarklokka vart støypt i eit stort hol i jorda.
Men ho sprakk då dei skulle få henne opp.
Så ho har berre gjort teneste som turistattraksjon.

Og kanonen har aldri vore brukt. Kulene var visst for tunge.
Dei passa visst heller ikkje i løpet.
Men flott å sjå på er den jo.

søndag 26. september 2010

På Den Røde Plass

Den Røde plass var mindre storslått og imponerande enn eg hadde venta.
Der var ein del skjemmande vedlikehaldsarbeid med gjerde og haugar av sand,
Men det må vel til.
Likevel var det stort å vere der og sjå denne viktige plassen i Moskva.
Den røde plass har ikkje noko med fargen rød å gjere.
Sjølv om der er mange røde bygningar.
Rød betyr vakker.

Eg fotograferer. Bygningen til høgre er eit stort kjøpesenter, GUM.

Vasilijkatedralen er nydeleg. Vi var inne der. Det er mange små kapell med tronge gangar imellom. Og mykje flotte ikonbilete.
Eg står i lag med Annfrid og Per.

mandag 20. september 2010

Undergrunnsbana i Moskva

Alle som gjekk forbi hunden tok på nasa.
Det bringa visst lykke.

Hans beundrar dei fantastiske dekorasjonane i hallen
i undergrunnen.

Gaiden vår tok oss med til 6-7 ulike stasjonar under jorda.
Den eine flottare enn den andre.

Vi såg at det var brukt utruleg mykje midlar i Stalintida på
utsmykking. Flott og kjekt å sjå no, men den gongen var det mange som svalt.