mandag 15. mars 2010

Det snør endå meir.

Det har snødd i heile dag. Temperatur rundt 0 grader.
Merkjestaven i hagen viser no 90 cm. For eit par dagar sidan var det 60 cm.
No er det visst stor rasfare og.
Vi får berre halde oss inne.
Ein gong vil vel våren komme.

søndag 14. mars 2010

Sundagsbesøk

I dag har det snødd heile dagen. Ingen sundagstur i dag.
Råsa mi var ikkje open meir enn ein dag. Så kom det mykje snø igjen.
Wencke og Pål frå Ålesund har vore her på sundagsbesøk.
Så det har likevel vore ein kjekk dag.

fredag 12. mars 2010

Rås til postkassen

Det var livsfarleg glatt å gå etter posten. Eg vurderte å bruke bilen.
Men no har eg laga ei rås, så no er det sommarføre også i oppkøyrsla vår.
I dag har det vore snø i lufta heile dagen, men det har ikkje lagt seg.
Det er null grader.
Vi har gått til sentrum og opp att. For mosjonen.

tirsdag 9. mars 2010

8. marsfeiring

Åttande mars vart feira med solidaritetsgudsteneste i kyrkja og
fest på Røde korslokalet.
Marit Gaustad (i midten) var talar i kyrkja og hadde appell på festen.
Det var fleire appellar på festen.

Dyktig festleiar var Diva.
Og Brynhild stilte som vanleg med ei gruppe musikkskuleelevar.
Bente hadde appell om Haiti og viste bilete.
På utlodninga til Haiti kom det inn 3000,- kr.
I kyrkja kom det og inn 3000,- i kollekt.

Sirka 60 kom på festen. Like mange innvandrarar som norske.


Mat var det både nok og formykje.
Då er det greitt at den som har gitt maten tek med resten heimatt.

søndag 7. mars 2010

Sundagstur med uventa oppleving.

Vi hadde vore på tur og gått langs bilvegen på Mork,
fordi vi trudde der var snøbert der på solsida.
Men det var der ikkje. Vi måtte snu etter eit kvarter. Då vart vegen berre is.
Så tok vi ein sving til Volda.
Der såg vi at det nye ankerhandteringsfartyet Havila Jupiter
låg ved kaia, og ein straum av folk gjekk opp leideren og ombord.
Det har vore dåp på skipet og no var det framvisning til alt folket.
Litt vanskeleg å finne p-plass i Volda i dag. Mykje folk frå øyane.

All trimmen i dag forgjeves!
Her forsyner Hans seg godt av dåpskaka på båten.
Messa var full av besøkjande.
Spennande å sjå ein slik båt innvendig!
På dekket er det plass til mykje ankerkjetting og wirar.
Det er store greier!
Men mest imponerande er det på brua med alle dei elektroninske
styreinnretningane.
Flotte lugarar, trimrom og vaskeri m.m.m.
Eg tok bilete frå brua ned på ferjekaia i Volda.

Mykje snø

Vi kjem så vidt fram til postkassen.
Brøytekantane er høgare enn nokon gong før
medan vi har budd i Ørsta.
Men når veret er så stabilt og det er så bra brøyta,
er det i grunnen veldig fint her.


Hans er utafor døra i tøflene. Ikkje ufarleg!
Vi har ei snøhytte der. Nokon har laga ho medan vi var i Rauland.

Gjestar i mars.

Turid kom på besøk i 3 dagar for å få hjelp med
forkjølelsen. Ho blei ikkje heilt bra, så håper ho held fram med å bli betre.
Ho har mykje ho skal hjelpe til med når barnebarna er sjuke.

Kristian intervjuar Dulka og skriv ei spennande oppgåve
i studiet sitt på sosionom.

søndag 28. februar 2010

Helene fyller 11 år. Gratulerer!

Helene feira 11 årsdagen sin på fjellet.
Mamma laga brownieskake og bollar
og det var bursdagssong og mange gåver.

I badeland


I Rauland sentrum er det eit kjekt badeland med
fleire basseng. I eitt basseng er det ekstra varmt vatn
og massasjestålar.
Og så er der boblebad, varmt og godt etter skituren.


På ski i Rauland

Her går vi 2 km runden.
Tre av dagene gjekk vi 4 km.

Denne gjengen gjekk lenger.

To som har "skitrekk".

Posted by Picasa

mandag 22. februar 2010

Tenkjedag for alle speidarar

Lord og Lady Baden Povell var begge fødde den 22. februar. Difor er denne dagen vald til ein internasjonal tenkjedag som speidarar over heile verda feirar.
Speidarane sender helsingar til kvarandre, og dei gir pengar til andre speidarar som treng det.

Så i dag sender eg ei spesiell helsing til alle speidarar som les dette.

Vinterferie med buff.