Encantada
Encantada er eit spansk ord som tyder Det er ei glede å møte deg.
tirsdag 5. mai 2009
Konfirmasjon 3.mai.
Engene kyrkje i Nedenes.
Konfirmanten Eili.
Familien samlast i kyrkja.
Nydeleg pynta bord i heimen. Mamma Anne har laga dekorasjonane.
Jonas: Kva er ei ku som står på graset?
Stående bufe. Mamma: Det er det vi skal ha no.
Konfirmanten i ny bunad. Mange flotte og gode kaker, sjølvsagt.
Jonas underheld med vitsar på trappa.
Her budde vi på Bie Apartement i Grimstad i lag med solafamilien. Frukost sundag morgen.
fredag 1. mai 2009
Tur på Solasanden
Flotte svaner var og på tur der. Vi gjekk først på stranda og så i sanddynene.
Sola Ruinkyrkje er flott restaurert i stein og glas. Utafor kyrkja ein djup brønn.
Framfor inngangsdøra av glas. Her er alle fem med på biletet.
Erling Skjalgsonmonumentet er like i nærleiken av Ruinkyrkja.
Bacalao i Sola
Klippfisken frå Måløy vart prøvd i Sola.
Det finst mange oppskrifter på bacalao. Denne er kokt på plata.
Ein kan og lage den i steikjeomnen.
Bacalaomiddag i Sola. Dei fleste likte maten godt.
Men M heldt seg til baquett og salat.
Nyere innlegg
Eldre innlegg
Startsiden
Abonner på:
Innlegg (Atom)