I dag fekk vi koseleg besøk av Keiko frå Japan.
Ho har med sonen sin som er fransk-japansk.
Dei har vore 10 dagar i Ørsta.
Sjåfør var Øyvind Nupen frå Ørsta.
Veldig kjekt at dei tok turen til Larvik.
Det fanst ikkje noko lærebok, så vi laga opplegget sjølve.
Ho var gift i Ørsta, men då den vesle guten hennar døde, orka ho ikkje å vere meir der og reiste tilbake til Japan. Sidan har ho budd i Singapoore og i Frankrike der ho gifta seg med ein franskmann.
No er ho enke og bur i Japan. Eg synest ho ikkje har forandra seg.
I Ørsta i 1978 med meg, Asle, Kari og Elin.
Keiko var så opp i under over sola som skein heile tida og som vi kunne sjå gjennom alle vindauga i huset.
I Ørsta hadde vore mykje regn. Vi hadde biltur og såg på seglbåten Maribell og på Bøkeskogen.
Litt forandring på 34 år....