mandag 25. november 2013

Veding


Vi fekk besøk av  Wenche og Pål på dagsbesøk frå Porsgrunn. Veldig kjekt!

Fredagskvelden kom Asle for å sage ned nokre av dei store trea som står langs vegen og kastar skugge på oss. Det er eit prosjekt i lag med naboane og vi har klarert med kommunen.
Asle klatrar opp og tek greinene på veg opp og stammen på veg ned. Han og Hans dreiv med det medan eg var på Julemessa om laurdagen.

Då trea var nede og kubbane låg i ein stor haug, kom karane på at dei trong ein vedkløyvar.
Så då for dei til butikken og kjøpte ein vedkløyvar.
Arbeidet gjekk som ein leik med vedkløyvaren.
Asle for med han til Arendal. Han har bruk for
han der. Men det skal takast fleire tre her langs vegen, så han må nok komme att med han.
Det blei ein svær haug med ved.
Men kvelden kom og  då prøvde vi den nye elektriske fonduegryta. Ho virka fint.
Skal vere mindre brannfarleg.

I dag, måndag, har vi stabla veden. Det vart eit stort lad. Hans såg mørkt på å gjere det åleine, så ho gamlemor måtte til ho og.
Men ho hadde vore på treningssenteret om
føremiddagen, så det gjekk veldig fint.
Så no trur eg ikkje vi kan ta mot meir ved.
Og endå er det fleire tre som skal takast ned.

3 kommentarer:

Besta sa...

Det er så kjekt å jobbe med ved. Nils og eg jobba med ved hos Margrete sist sommar. Då kjøpte vi oss ny vedkløvar, den gamle var for svak. Det er stort sett eg som kløyver og Nils som sagar.No for tida er det ikkje mykje eg kan gjere, for ryggen min er heilt umulig.Det er trasig, for eg likar betre skikkelig arbeid enn pusleri.
Fint vedalad de har! Og godt å fyre med ved når det er kaldt.

Annfrid sa...

Å jobbe med ved synest eg og er kjekt.Vi har no så mykje at vi får ikkje meir inn i buda.Så er det så koseleg når Per fyrer opp i omnen.Eg og Per har også fellt den store Koreagrana som stod i eine hjørnet i hagen.Den grana fekk Per i 40 årsgåve av svigerforeldra,60 cm høg.Må seie det var litt nifst å vere med å felle grana som var 11 m,har ikkje vore med på slikt arbeid før.

Bjørg sa...

Takk for kommentarar begge to!
Vi brukar ikkje mykje ved, for huset er godt og varmt. Men når det er hustre ver, er det koseleg med varme i omnen. Det kan vel vere vi fyrer ein gong i veka.