mandag 28. desember 2009

Romjulsfrukost

Romjulsfrukost. Jonas er fotograf. Jentene er ikkje oppe.

Det har kome mykje snø. Kvitt og fint overalt.
Utsikt frå kjøkkenvindauga.

Hans og Asle er ute med snøfresaren. Det må ryddast veg
så vi kjem ut med bilane.


søndag 27. desember 2009

Julekvelden 2009

Vi var i Ørsta kyrkje klokka 15.
I 17-tida samla vi oss til julemiddag.
Som vanleg var det pinnekjøt, kålrabistappe og løksaus
på menyen.


Til dessert i år var det bringebær med krem.
Og kransekake som Anne hadde laga og teke med.


Alle kunne julesongane. Vi syng dei på jobben, sa Asle.
Elles hadde Oda laga til teksten på powerpoint,
så dei var på veggen medan vi gjekk rundt juletreet.


fredag 25. desember 2009

Julegåver

GOD JUL TIL ALLE SOM SER INNOM HER!

Det blei mange fine gåver i år og.
Kalender med bilete av barnebarna er veldig kjekt.


Pynta fyrstikkøskje og minnepenn.
Minner lenge om gjevaren.


Eg ønskjer meg alltid bøker. Og så fire!
Ei kan eg byte i den eg vil!


Så kan eg lage dessert i fine skåler.
Det var og eit nytt spel under juletreet.
Det er nok eit populært eitt, for Aslefamilien fekk og
det same spelet frå Anne si familie.

onsdag 23. desember 2009

Fondy på veslejulafta og nokre minne.

Bordet er dekka til fondy som er tradisjon i vår familie på veslejulafta.
Vi starta med det då borna våre var små.
No har dei teke med seg tradisjonen til sine familier.
Julekveldsvisa høyrer med.

Dette vesle juletreet hadde Hans og eg på hotellrommet
i Adelaide i Australia på julafta i 1992.
Vi budde på eit YMCA-hotell. Men der var ingen teikn til julefeiring.
Så vi pynta på rommet og hadde der eit slags kaldtbord med god mat.
Juleposten henta vi på postkontoret på Poste Restante.
Det var både brev og små pakkar.
På juledag var vi i kyrkja, og der vart vi inviterte til ei familie på middag.
Vi har veksla julehelsingar med familien til seinast i fjor.
I år har vi sendt mail, men ikkje fått svar. Kona er død og mannen nokså gammal.

Sauehovud til middag

Dette var ukjend mat, så ikkje all var like begeistra.
Men synest tradisjonane må førast vidare.

Mølje til forrett.
Denne maten fall bra i smak.





søndag 20. desember 2009

Skitnesundag

Det er snø og kaldt, 5 - 10 minusgrader.
Fine skyer over fjella sundag morgen.
Vi har lagt i vatn skjeltene, men dei skal ikkje etast
før på tysdag når Aslefamilien er her.
I min barndom åt vi alltid skjelter(sauehaud) på skitnesundag.

Utafor alle hus er det busker og tre med lys på.
Det er ein fin skikk.

Og kvar dag kjem det litt julepost i postkassen.
Kjekt å få bilete av den oppveksande slekt,
og høyre litt om kva slekt og vener har gjort siste året.

Julekrybba har kome ned frå loftet.
Ventar no på meir innhald.

Inga Louise 6 år. Gratulerer!


I dag fyller Inga i Larvik 6 år.
Ho er alt erfaren skulejente.
I dag blir det selskap med minst 20 gjestar.
Så mange skuleveninner har Inga.
Mormor og morfar ynskjer deg lykke til med feiringa!
Du er ei kjempekjekk jente !
Vi er veldig glade i deg!

tirsdag 15. desember 2009

Julevask og puss.

Så var det pussinga av kopar og messing.
Det står rett nok rundt omkring til pynt, men det spørs om ein treng ha
så mykje å pusse.
I år har eg Dulka til å hjelpe meg, og Hans er heilt fornøgd med det.
Det er elles han som brukar å pusse.

Dulka stryk gardinene og hengjer dei opp.
Eg vaskar vindauga og fer og over skåpdørene på kjøkenet.
Så no luktar det straks jul her.
Og koseleg å vere to i arbeidet.


Det er elles Dulka som har hekla julegardinene for eit par år sidan.
Og ho har hekla dei kvite kappene.
Ho er ein ulv til å hekle!

Julesong frå Tante Turid

Tante Turid har laga teksten til ein ny song som Grim Leivdal syng og spelar til.
Han har laga melodien. Songen som er ein julesong, kan høyrast på YouTube.
Gå inn på YouTube og søk på Turid Breidalen. Då kan ein høyre songen og sjå
bilete av dei.

tirsdag 8. desember 2009

Intervju

I dag fekk eg tilsendt Peikestokken frå Volda.
Det er studentavisa ved Høgskulen i Volda.
Eg hadde for ei tid sidan besøk av ei dame frå Høgskulen.
Ho intervjua meg om bloggen min.

No kom resultatet. Morosamt!

Intervjuar Ina fekk og snakke med Hans om hans hobby,
DVD- produksjonen.
Ho vil kanskje komme att og lage intervju med han.

torsdag 3. desember 2009

Julebaksten

Smultringane, fattigmann og sirupssnippar er no laga.
Eg har brukt speltmjøl, blått smør og spesiell fløyte og sukker,
så trur no at alle kan ete dette.

Syltaflesk i Ørsta

Ja, så måtte eg prøve å lage syltaflesk sjølv.
3 kg tynnribbe vart kokt i 2 timar.
I kokevatnet: laurbærblad, heil pepar og einebær.
Bein og svor vart fjerna. Hans sikra seg svoren
og har han no i kjøleskåpet. For god å hive, meiner han.

Krydder (nellik og pepar), salt og gelatinpulver
strødd mellom laga. Alt gjekk oppi forma.

Hans har laga ei fjøl som passar i forma.
Han sette på to tvinger. Så skal det stå til i morgon.

onsdag 2. desember 2009

Syltaflesk til jul

Vi har vore på besøk hos Annfrid og Per for å sjå på
korleis dei lagar syltaflesk.
Dei har svært fine syltepresser.

Tynnribba hadde kokt i cirka to timar i lettsalta vatn med
heil pepar og laurbærblad i kokevatnet. Beina
var no lette å fjerne. Viktig og å fjerne brusk.

Svoren må skjerast vekk.
Per skjer opp i passe stykke.
Dei blir lagt lag på lag i forma med krydder, salt og gelatinpulver
mellom laga. Han passar på å legge kjøtbitar innimellom flesket.

Annfrid stør på krydder og salt.

Salt i den kvite krukka, nellik, blandingskrydder,
pepar og gelantinpulver.

Rikeleg med salt. Det kan lett bli for lite.

Passe full form. No skal det leggast press på.
I morgon tek han syltaflesket ut av forma, deler det i passe porsjonar
og legg det i frysaren.

mandag 30. november 2009

Utejuletre

Vi var på hytta laurdag og henta ei gran frå juletrekvia.
No blir det ikkje teke juletre der til innebruk
sidan vi brukar tre av plast.
Men til å ha ute kan vi bruke dei.

Tilhengaren er ofte i bruk.
Og Mitsubitchien går godt i bakken.

Dette var den største grana i kvia.
Det var ikkje meininga at ho skulle stå der og vekse.

No lyser ho opp ved garasjen i Ørsta.
I går kom det snø, og endå meir i dag.
Det vart lyst og fint!