mandag 31. desember 2012

Austlandsk jul utan pinnekjøt



Kjekt å vere gjester på julafta.
Vi var i Østre Halsen kirke klokka fire. Det er så nær at nokre gjekk. Vi trong hjelp til å komme laus i snøen på parkeringsplassen.
Dag var heime og passa maten.
Farmor og farfar er komne og onkel Jens.
Ventar på å sette oss til bords.

 Pakkane, juletreet og onkel Jens.
Den nye peisen er fin og varmar godt.



På kjøkkenet er kokken og assistenten straks klar med maten.

Svineribbe er god mat. Og mykje godt attåt.
Mangelen på pinnekjøt tok vi att på andre juledag.
Då var alle hos oss til pinnekjøtmiddag.


Celsius storkosar seg.

Julegåvene frå foreldra var musikkinstrument.
Gitar til Inga og ukuleler til dei to andre.




Elin fortel om seglturen til Sverige til svigermor.
Bileta er fint ordna i bøker.

Lillejulafta


Lillejulafta var Hans og eg hos Elinfamilien til fondue som er tradisjon i familien frå då barna våre var små.
Alle tre familiene har teke med seg tradisjonen.

Genser nummer fem

Sunniva sin genser vart ferdig til jul. Og Oda sin påbegynt. Ingen stress! Berre koseleg.

mandag 24. desember 2012

Jula 2012



God jul til alle som ser innom bloggen!

Julafta morgon


I dag er det julafta, og det har kome ein del snø.
Hans er ute med snøfresaren.

Problemet er kvar han skal sprute snøen. Helst ikkje inn på naboane.


Inga 9 år


Den 20. desember vart Inga 9 år.
Dagen vart feira heime med 19 gjester, alle jentene i klassen. På menyen stod pizza som vart henta rykande varm hos Pizzabakeren i sentrum av mormor og morfar.
Johanne var dyktig programleiar og styrte gjengen gjennom leikar og anna underhaldning. Ho hadde ei veninne som assistent. Mamma og pappa var på kjøkkenet.

Skjeltesundag


Vi hadde besøk sundag ei veke før jul
av Oda som studerer medisin i Trondheim.
Kjekt at nokon i familien tek over no Hans ikkje
har lisens lenger. Dei diskuterer mykje dei to no.

På menyen var sauehaue. Ikkje det beste Oda veit,
men med litt pølser m.m., gjekk det greitt.
Skjeltesundag er vel eigentleg den siste sundagen før jul. Då hadde vi alltid sauehaue heime. Men i år vart den sundagen veslejulafta, og då er det ein annan tradisjon i familien. Då er det fondue.


lørdag 15. desember 2012

Strikkedilla


Johanne sin genser var ferdig før vi reiste til Sola.
Det var 28. november vi reiste med toget dit.
Eg hadde med Johanne sin genser som reklame.
Den 29. var vi til Sandnes Ullvarefabrikk.
Der var massevis av garn og vi fekk gode råd.

Garn vart kjøpt til to genserar.
Jentene i Larvik må sjå på garnet sjølve.






Eg starta fredag med å strikke Astrid sin genser.
Han var ferdig på måndag. Strikka litt sundag kveld og.
Astrid sjølv og Kari strikka og litt.

Eg starta på Helene sin på tysdag. Han vart ikkje heilt ferdig
før heimreisa. Men på toget frå Sandnes til Larvik om fredagen strikka eg resten. Reisa tok 9 timar og gjekk om Drammen.
Helene sin genser vart send i posten måndag og var på Sola
på tysdag.

Det er kjekt strikk og går fort.
No har eg nettopp begynt på Sunniva sin som skal vere
ferdig til jul.
Eg er no spent på om eg får eit par bestillingar til
frå Arendal. Det skal gå fint, men ikkje til jul.
Vi har vore i garnbutikken her i Larvik
og kjøpt garn til Inga og Sunniva.

I dag vart Inga sin genser ferdig.
Dessverre var Inga ikkje i form til
bilete. Ho har feber og ligg og orka ikkje
vere på bilete. Men ho likte genseren.

Helene var godt nøgd med den blå genseren.





torsdag 6. desember 2012

I Kongeparken


I kveld har vi vore i Kongeparken på den
årlege førjulsfeiringa,
Statoiltilsette har sin eigen kveld. Og der var mykje folk og mange talemål å høyre.
Vi var ute og inne.
Litt kaldt var det, eit par kuldegrader, men vi hadde kledd oss godt.
Borna deltok på mange aktivitetar og laga julegåver.
Vi åt ein nydeleg middag med mange kalde og varme rettar. Det var underhaldning, musikk, gåver til borna og fyrverkeri. Ei oppleving er det. Nydeleg pynta over alt.





På Oljemuseet.


Sundag tok Tore oss med til Oljemuseet i Stavanger.
Vi fekk førstehands omvisning av Tore som ofte er på jobb i Nordsjøen.
Platform med bustadavdeleinga, helikopterdekk og livbåtar.

Det er solide bor dei brukar til å finne oljen med.






Tore viste oss tidslinja der tida tilbake til dinosaurane viste ei linje på nokre få cm medan linja var minst fem meter lenger bak i tida.
Oljen har hatt lang tid å bli til på.
Kor lenge brukar vi han?

Førjul på Sola.



Pakkane til adventkalenderen
blir gjort klare.

Laurdagspizza.
Foreldra er på julebord.
Vi andre kosar oss heime.


Frukost 1. sundag i advent.


fredag 30. november 2012

Den første snømannen


Mathias og Helene sette i gong med snøballrulling
straks snøen hadde lagt seg.
Det vart nok til ein fin snømann,
Den første i vinter.

søndag 25. november 2012

Livet i november


Den første skappelgensaren er snart ferdig. Eg har vel teke meg vatn over hovudet, når eg har 7 jentebarnebarn. Det går rett nok fort og greitt å strikke. Tråden er dyr, men det får våge seg. Det er kjekt arbeid. Berre hendene held.
 Sist tysdag var vi på foredrag i Pensjonistuniversitetet i Larvik.
Det var forfattaren Jørn Lier Horst som fortalde om forfattarskapet og korleis han arbeider. Mord og mørke gjerninger var tittelen på foredraget. Veldig spennande å høyre på han! Han hadde bilete på skjermen og.
Han las mykje i barn- og ungdomen. Det var Hardyguttene, Frøken Detektiv, Fembøker, og mange fleire som vi kjenner.
Salamandergåten er den første boka i ein serie barnebøker. Han skal skrive 12 bøker på eitt år.
Og så blei det kjøpt nokre bøker med dedikasjon i .

 Eg har begynt å høyre på lydbøker. Det er fint når eg strikkar. Er begynt på den første boka til Knausgaard. Han skriv jammen godt. Eg trur eg kjem til å halde fram med dei bøkene. Elles har eg høyrt ein del av boka til Torbjørn Færøvik, Midtens rike. Utruleg at dei har drive med den fotsnøringa i 1000 år med fryktelege lidingar gjennom heile livet. Kvinnene rundt i verda har jammen hatt det vanskeleg. 



Kaktusane blomstrar. Det ser ut til at dei likar seg i Larvik. Julekaktusen står og med små  raude knoppar.


I dag fyller Astrid i Sola 16 år.
Ho er på speidartur denne helga.
Eg har sendt SMS.
Ho får klem når vi treffest snart.

På besøk i Arendal


For ei veka sidan var vi på helgabesøk i Arendal.
Det var regn og ruskever, så vi var mest innadørs.
Om sundagen køyrde vi med Asle ein tur opp i Froland. Det var interessant å sjå alle dei nye husa som kjem der oppe. Det må vere eit attraktivt område.  Vi såg Ovelandsheia og Blakstadheia. Og fine skular og idrettsanlegg. No er vi spent på kvar Børgefam. og Astrid og Geir skal busette seg.

Om laurdagkvelden laga Anne og Asle ei nydeleg kyllingsuppe.

Og Jonas laga noko godt med sjokolade.
Jakob snakkar med kameratane sine på scape.
Eili var innom, men var elles på russekro og med kjærasten.




torsdag 15. november 2012

Heimatt frå Lanzarote


Middagen siste kvelden var tapas i gamlebyen i Puerta del Carmen.  Vi fekk to fat med litt ulike rettar på deling for fire.
Kanariske poteter, paprika, calamare, kylling, reker, kjøttbollar....   Vi vart mette og det smakte veldig godt.


Og siste dagen vart det ein del shopping.







Mange fine skjerf med smykke på.
Det vart kjøpt nokre til gåver.



Så var vi heime att sist sundag. Til kaldt, fint haustver. Vi har hatt ein fin ferie alle fire.

Erteriset blomstrar framleis.
Men ein del av ertene kom i frysaren før vi reiste.

tirsdag 6. november 2012

Hans blei ny



Hans blei ny frå topp til tå. Det skjer ikkje ofte.
Nye grå sandalar, ny grå shorts, ny skjorte og ny caps.
Ikkje fin vel?

Mirador del Rio


Vi var heilt nord på øya, til Mirador del Rio. Der har dei bygd eit flott turistanlegg med kafe og souvenirbutikk inne i lavafjellet. Det viser nesten ikkje utvendig. Flott utsikt mot øya La Graciosa.