torsdag 29. mars 2012

I ein tyrkisk småby

Vi var saman med Magna og Jarl, fetteren min og kona frå Florø. Trefte dei tilfeldigvis på Gardemoen og skulle på same turen. Kjekt!

I den idylliske småbyen Sirince kosa vi oss med å sjå på alle souvenirane.
Her har eg kjøpt nypressa saft frå granateple. Det smakar friskt og godt.

Rikeleg med souvenirar å få kjøpt.
Eg kjøpte ein duk med denne dama.

mandag 26. mars 2012

Omvisning i Efesus


Vi var på tur i Paulus sine fotspor, men også apostelen Johannes og Maria, Jesu mor, var det spor etter der. Johannes var gravlagd der, forklarte gaiden. Vi fekk sjå grava som var restaurert i ruinane etter Johanneskyrkja.

Her går vi i ruinane etter Johanneskyrkja.
I bakgrunnen er det ei borg.

Dei har funne ut kvar Maria budde i Efesus. Huset hennar er restaurert.
Vi fekk komme inn. Det var innreidd som ei lita kyrkje med eit alter. Det var ikkje lov å ta bilete inne.

søndag 25. mars 2012

Vår i Larvik

I dag har vi gått ein tur i skogen i fineveret. Kvitveisen blomstrar no.
Hans og Elin på skogsveien. Langt framme er Inga og veninna Mina.
Dag og foreldra hans er endå lenger framme.

onsdag 21. mars 2012

Tyrkiatur

Det er no ei stund sidan eg har vore på bloggen. Det kjem av at vi har vore på tur til Tyrkia i ei veke og derifrå kom vi heim med ei lei influensa, så det har gått nokre dagar til å komme seg på.
Vi flaug til Antalya og frå flyplassen køyrde vi eit par timar til Kemer der vi kom på eit fint hotell.
Det var fint og vårleg der sør med kysten. Tidleg vårblomstring, ikkje så særleg varmt.


Første dagen hadde vi utflukt til Faselis, ein ruinby som har vore ein viktig handelsby ein gong.
Der var restar etter ei akvedukt, etter tyrkisk bad og teater. Ei brei hovedgate.
Og lange sandstrender var der og.

Etter to netter i Kemer, fekk vi ein heil dags køyring over Taurusfjella. Der låg snøen heilt ned til vegen. Og der var det kaldt. Vi hadde ikkje varme nok klede, og etterkvart blei det mange som hosta. Vi køyrde vestover til Efesus og området deromkring som var hovudmålet.


Vi hadde ein flink gaid. Han snakka godt norsk, var gift med ei norsk dame og godt kjend i Norge, særleg Bergen. Han forklarte at det er religionsfridom i Tyrkia. Det var ikkje langt mellom moskeane. Kyrkjer såg vi ikkje mange av, og dei vi såg var gamle og ikkje i bruk.
Turen heitte I apostelen Paulus`fotspor.

Vi budde på fine femstjerners hotell. Og det var varmt nok på romma.
Hans syntest vasken var for liten.
Meir om turen seinare.






tirsdag 6. mars 2012

Foredrag i litteraturgruppa

I dag var Amal Aden i litteraturgruppa vår. Det er utruleg sterkt å høyre på henne. Ho reiser no i heile landet og held foredrag. Rigmor og eg var der. Rigmor har lese boka Se oss. Eg har lese alle fire. Integreringa går ikkje så bra. Ho spurde oss om ide til noko som kan gjerast. Vanskeleg!
Lykke til med kvinnedagen i Ørsta!

søndag 4. mars 2012

Handballkamp i Larvik

I dag var vi på Mesterligakamp i Arena.
Det var eit godt dansk lag mot vårt lag her som jo er verdens beste..
Men i dag tapte Larvik så vidt, Spennande var det.
Det var stor stemning med mykje lyd. Artig å oppleve.
Her rett bak mål sit bestemødrene og bakom sit Inga og veninnene.

Sundagstur i Bøkeskogen

Det er godt å komme seg litt ut på tur. Etter vi hadde høyrt på gudstenesta i radio (God tale frå Bodin kyrkje i bodø), reiste vi til Bøkeskogen. Vi hadde med dei tre jentene som gaidar.

Fin utsikt over Farrisvatnet. Det er stort. Det er derifrå vi får drikkevatnet vårt.

Inga fann eit fint tre å klatre i.
Det ligg is i Kilen som er ein arm av Farrisvatnet.

Gratulerer, Elin!

På bursdagen til Elin var vi på restaurant i Larvik. Elin hadde vore på dugnad i handballhallen heile dagen. Johanne spelte to kampar og laga seks mål. Ho var fornøgd. Inga hadde vore på skitur heile dagen i lag med ei veninne og pappaen til veninna. Dag jobbar i båten.
Det er vi besteforeldra som har tid. Sunniva bestilte bord til oss.

fredag 2. mars 2012

Sundagstur på Torstrand

Sist sundag var Aslefamilien på besøk. Dei skulle ha tur til London i vinterferien, og reiste frå Torp om måndagen. I det fine veret gjekk vi tur i Larvik, frå Tollerodden der Maribell ligg i hamna og langs Torstrand. Der er nye blokker langs stranda og bakom er eldre, låge hus i koselege gater.


Langt framme viser Larvik Kirke. Der er Tollerodden, og der ligg Maribell.

Elin, Asle, Jonas, eg, Jakob og Anne.
Til høgre for Anne viser Maribell. Der jobbar Dag i all si fritid med innreiing.
Båten skal verte nok ferdig til sommaren, så dei kan reise på langtur i Østersjøen.