søndag 16. februar 2014

Tur i lag med Wenche og Pål


Wenche og Pål kom og henta oss og tok oss med på ein heil dags tur til nord på øya.

Der var det ikkje så tørt. Mandeltrea stod i full blomst og der var grønare.

Vi stoppa i Teror og såg inn i Pinjemadonnaens kirke. Mykje fin kunst utstilt der. Og lov å fotografere.

Vi kjøpte lunsj der på ein fortauskafe.
Eg gjorde ei flause. Bestilte kaffi og croquetas og trudde vi skulle få croissant. Det viste seg å vere frityrsteikt fiskekake.
Så det vart middagen den dagen. Det smakte godt.
 .

Inne i  pinjemadonnaens kirke i Teror.

Utsikt over Arucas med den ruvande katedralen.
Den var ikkje open då vi var der.


Middag i lag med Åse og Helge


Vi hadde koseleg treff med Hans sin fetter Helge og frua Åse. Vi var på kinarestaurant i lag. Dei bur i Kirkenes, så vi ser dei ikkje ofte. Det er mest i Puerto Rico vi treffest.