mandag 26. oktober 2009

Besøk av slektningar

Eg har laga fiskesuppe etter oppskrift frå Olaug.
Ho vart skikkeleg god!
Vi hadde forrett og: Pai med sylta paprika frå Dulka.

Sundagstur til hytta i oktober

Ein blank sundag på hytta.
Vi var der med Arne og Gunn. Gjekk tur til sjøen.


Det var mykje folk i hyttene på Buaneset.
Vi spaserte ein tur der.
Utsyn mot Blåbærøya og Ørstafjella.

Posted by Picasa

Landbruksdagen i Volda

Sist laurdag var vi i Volda for å oppleve programmet på
landbruksdagen til minne om han Sivert Aarflot.
Arne og Gunn var på besøk.
Det var fint ver og vi spaserte langs hamna
og såg på båtane.
Vi har endå til vore på kafe.

"Vil du bli mjølka no ?" spør Cecilie. Kua er visst ganske desorientert.
KLokka er eitt på dagen og det er fullt av folk rundt.
Men juret var fullt, så etter mykje overtaling gjekk kua med på
å la seg mjølke.
Og så vart mjølka teken inn i teltet. Der drog Norvald separatoren.
Det kom både fløyte og mjølk ut, til glede for mange som såg på.

Posted by Picasa

torsdag 22. oktober 2009

Middag hos Dulka

Vi var inviterte til middag hos Dulka i dag.
Ho hadde laga pai av blitvablada eg kom til henne med i går.
Maten er klar.

Her er gjestane på plass og maten på bordet.
Først serverte Dulka suppe med lammekjøt .
Så var det kjøtt på seng av ris.
Og så kom andre hovudrett: pai med rømme og sylta paprika til.
Desserten var is og kaffi.
Nydeleg middag!

Dulka har sylta paprika, gule og orange.
Ho har kvitløk i skiver også i.
Det smakte godt som grønsak til paien.

Posted by Picasa

onsdag 21. oktober 2009

Haustarbeid i hagen

Det var mykje plommer i år. Neste år blir det mindre.
Vi har skore godt ned plommetrea.
Hans har kutta toppane med motorsaga,
og mange mosegrodde greiner er no vekk.

Det var ein nydeleg dag til å arbeide i hagen.
Eg har fått lov av Sæbjørn til å plukke eit plastnett
med blitva til Dulka.

Hans har køyrt eit stort lass til miljøstasjonen, og
på vogna har vi fullt lass til ein ny tur dit.
Den gamle syrenen er vekk. Får sjå no om dei nye plantene
vil gje nye blomster til våren.

Posted by Picasa

mandag 19. oktober 2009

Sundagstur i hamneparken


Vi gjekk tur til hamna og parken der på sundag.
Dulka var også med.
Det er utruleg å sjå alle dei flotte båtane som no ligg der.
Dei er komne der dei siste åra, så velstanden har auka.


Det er alt kome mykje snø på Saudehornet og Nivane, heilt ned i Skåla.


Vi såg på det maritime klokketårnet som hamneparkkomiteen
har fått sett opp. Det pyntar godt. Og det er sterk lyd i klokka.
Dette har vore brukt i skipsleia.
I bakgrunnen viser hamneparken med alle sjømerka som er sette opp til pynt.
Dei har inskripsjon som fortel om kvar og korleis dei har vore brukte.
Og der er kome ei ny fin bru over elva.

onsdag 14. oktober 2009

Bursdag i Mandal og Spangereid


På Kari sin bursdag var vi på tur til Mandal.
Det var fint å spasere i gatene i Mandal. Koselege gågater med mange
små butikkar. Fint ver, men litt kaldt. Det er haust.
Middagen var på restaurant i dag i høve bursdagen.
Restaurant Jonas er populær, mykje folk.

Dei laga nydeleg la sagne til oss, og pizza.
Fint å spasere langs bryggene.


Posted by Picasa
Statoilhytta som dei leigde i Spangereid.
Fin plass med strand rett nedafor hytta.

Bursdagskake i hytta på Kari sin bursdag.

Her spaserer vi på den flotte stranda Sjøsanden i Mandal.
Mathias og pappaen samla pinnar.

Posted by Picasa

mandag 12. oktober 2009

Minne frå bryllaupsreisa i 1963


Eg tenkte på denne turen då vi var på Lindesnes no i haustferien.
Vi reiste med Hans sin dorry frå Florø til Strømstad i Sverige etter
bryllaupet vårt i Florø.
Her rundar vi Lindesnes, og det var nokså mykje sjøgang.

Då var det var bra å komme til lands og få ligge ved kaier i byane langs kysten.
Foreldra til Hans og syster Kirsti var med.


Svigermor laga mykje god mat. Vi fiska med garn og var på land og plukka bær.
Folk trudde vi var tater.
Kirsti var ofte rormann.

Posted by Picasa

Tur til Lindesnes

I haustferien besøkte vi Karifamilien på hytta dei leigde i Spangereid.
Då tok dei oss med på tur til Lindesnes fyr.
Vi har vore der nokre gonger før; første gongen var på
bryllaupsreisa vår i 1963 då vi reiste til Sverige med dorryen.
No har dei fått opplevingssenter med film og utstillingar.
Skal det vere spansk på måndag?
Kva skal vi lese?
Kvar skal vi møte? Og kva tid?



Posted by Picasa

mandag 5. oktober 2009

Den lille dyrehage i Brokelandsheia.

Sundag hadde vi utflukt til Den lille dyrehage i Brokelandsheia.
Det var fint ver, og om det var blitt oktober, kunne vi ta nistematen ute.
Dyrehagen er ny av året, og førebels er det dyr berre inne, men der kjem meir etterkvart.
Det er ein liten og koseleg dyrehage, passeleg for vår utflukt.

Lemurane er artige og livlege.

Jentene prøvde korleis det er å vere i bur. Litt trangt og lite luft.
Mest interesse vekte den søte oterbabyen. Han vart funnen attmed si døde mor
i nærleiken av Bergen. Så fekk han heimen sin her i dyrehagen. Han får
morsmjølktillegg og fisk og får vere med passaren heim om natta.

Posted by Picasa



Posted by Picasa