mandag 25. november 2013

Veding


Vi fekk besøk av  Wenche og Pål på dagsbesøk frå Porsgrunn. Veldig kjekt!

Fredagskvelden kom Asle for å sage ned nokre av dei store trea som står langs vegen og kastar skugge på oss. Det er eit prosjekt i lag med naboane og vi har klarert med kommunen.
Asle klatrar opp og tek greinene på veg opp og stammen på veg ned. Han og Hans dreiv med det medan eg var på Julemessa om laurdagen.

Då trea var nede og kubbane låg i ein stor haug, kom karane på at dei trong ein vedkløyvar.
Så då for dei til butikken og kjøpte ein vedkløyvar.
Arbeidet gjekk som ein leik med vedkløyvaren.
Asle for med han til Arendal. Han har bruk for
han der. Men det skal takast fleire tre her langs vegen, så han må nok komme att med han.
Det blei ein svær haug med ved.
Men kvelden kom og  då prøvde vi den nye elektriske fonduegryta. Ho virka fint.
Skal vere mindre brannfarleg.

I dag, måndag, har vi stabla veden. Det vart eit stort lad. Hans såg mørkt på å gjere det åleine, så ho gamlemor måtte til ho og.
Men ho hadde vore på treningssenteret om
føremiddagen, så det gjekk veldig fint.
Så no trur eg ikkje vi kan ta mot meir ved.
Og endå er det fleire tre som skal takast ned.

søndag 24. november 2013

Julemesse i Østre Halsen


Fredag og laurdag ei veke før julemessa sat vi på nærbutikken og selde lodd. Det var to ykter for dag. Eg og Karin hadde første ykta på laurdag, frå 10 til 13.

Julemessa var sist laurdag frå klokka 10 til 14.
Der kom jamt med folk. Utanom dei lodda vi hadde selt veka før, var det no åresal i 7 - 8 omgangar. elles var det sal av strikka ting, bøker og mange andre handarbeidsartiklar.
Det var sal av mat: rømmegraut, kaker og vafler.
Foreldra til konfirmantane kom med kakene.
Speidarane hjelpte til med åresalet.
Elles var det damene i kyrkjeforeininga som som ordna med basaren. Foreininga har namnet "Fredriksens Fabrikk". Dei syter for strikka, hekla, broderte og symaskinsydde ting.




 Det meste av salsgjenstandane er laga av foreiningsmedlemane.


Ein god del vart att til neste basar som blir i mars,
og nye saker vil bli laga.
Vi har arbeidsmøte annakvar veke.
Foreininga støttar kyrkja og i tillegg støttar vi ein barneheim i Antsirabe på Madagaskar gjennom NMS.

Eg trur resultatet vart rundt 20 000,- så den er mykje mindre enn den i Ørsta.






mandag 11. november 2013

Nabofest med speidargrill.

Nabofesten starta med gudsteneste i Skadberg skule, ein flott ny skule.
Speidarane hadde ansvar for grilling etterpå.
Mathias var ein av dei som bar flagg i prosesjonen.

Eit barnekor med band sytte for flott musikk.
Veret var supert.


Kari hadde laga to porsjonar pinnebrøddeig. Alt gjekk med. Og 100 pølser innkjøpt av speidarane.
Hans fann fleire å prate med.
Tore er speidarleiar og med i arrangementet.

Haustbesøk i Sola

Astrid og Helene mat til laurdagskvelden.
Det skal verte tacosuppe, nytt for meg og morfar.
Mathias passar på at det brenn i omnen.
Tacosuppa smakar godt. Vi drysser oppi chips, ost, mais og rømme.
Pappa Tore er i Nordsjøen. Der har han vore heile veka. Skulle komme heim torsdag, men på grunn av torever, gjekk ikkje helikopteret.
Stor glede då han plutseleg kom og rakk maten på laurdagskvelden.


La Gomera



Vi tok ein dagstur til øya La Gomera som er ei av dei minste av Kanariøyane.
Ut dit går ei stor og fin ferje to gonger for dag. Turen tek 45 min. Det er eit norsk ferjeselskap, Fred Olsen.
Det bur ca. 25 000 menneske på øya. Folketalet har gått ned i det siste. No får dei flyplass, men det er det noko motstand mot. Det vil øydeleggje serpreget til øya, fred og ro, meiner somme.
I denne kyrkja er det eit spesielt maleri: Den sittjande Jesus.
Terassar i fjellsidene. Nokre er endå i bruk til dyrking av bananer, tomatar og andre grønsaker, men mange ligg brakk.
Gaiden peikar på ein "dandelion" i urskogen.
Kjempeløvetannen er spesiell for denne øya.
La Gomera er kjend for europas einaste urskog.
skogen overlevde istida i Europa .
Vi gjekk tur der og gaiden fortalde om vekstane.
Planten Erika er frå dinosaurtida, sa han.
Han fortalde og at på desse stiane går ofte Angela Merkel når ho vil finne litt fred og ro.
Denne fjelltoppen ligg inne i nasjonalparken. Det er ikkje lov å klatre på han, men det freistar somme likevel.


Det er bratt på La Gomera.
Og fin utsikt!






Dei dyrkar ein del bananer.





I dalen innafor byen San Sebastian der vi kom i land med ferja, ser vi store idrettsanlegg.
På restauranten der vi åt lunsj, fekk vi demonstrert plystrespråket som er spesielt for denne øya. Det er uframkommeleg over ravinene i fjellet. Gjetarane kommuniserer med eit plystrespråk som høyrest frå fjelltopp til fjelltopp. Språket blir teke var på med undervisning i skulen.
Eg kjøpte nokre smaksprøver:
ost på glas, raud og grøn kanarisk saus og ein karamellsaus laga av palmesaft.