mandag 11. november 2013

La Gomera



Vi tok ein dagstur til øya La Gomera som er ei av dei minste av Kanariøyane.
Ut dit går ei stor og fin ferje to gonger for dag. Turen tek 45 min. Det er eit norsk ferjeselskap, Fred Olsen.
Det bur ca. 25 000 menneske på øya. Folketalet har gått ned i det siste. No får dei flyplass, men det er det noko motstand mot. Det vil øydeleggje serpreget til øya, fred og ro, meiner somme.
I denne kyrkja er det eit spesielt maleri: Den sittjande Jesus.
Terassar i fjellsidene. Nokre er endå i bruk til dyrking av bananer, tomatar og andre grønsaker, men mange ligg brakk.
Gaiden peikar på ein "dandelion" i urskogen.
Kjempeløvetannen er spesiell for denne øya.
La Gomera er kjend for europas einaste urskog.
skogen overlevde istida i Europa .
Vi gjekk tur der og gaiden fortalde om vekstane.
Planten Erika er frå dinosaurtida, sa han.
Han fortalde og at på desse stiane går ofte Angela Merkel når ho vil finne litt fred og ro.
Denne fjelltoppen ligg inne i nasjonalparken. Det er ikkje lov å klatre på han, men det freistar somme likevel.


Det er bratt på La Gomera.
Og fin utsikt!






Dei dyrkar ein del bananer.





I dalen innafor byen San Sebastian der vi kom i land med ferja, ser vi store idrettsanlegg.
På restauranten der vi åt lunsj, fekk vi demonstrert plystrespråket som er spesielt for denne øya. Det er uframkommeleg over ravinene i fjellet. Gjetarane kommuniserer med eit plystrespråk som høyrest frå fjelltopp til fjelltopp. Språket blir teke var på med undervisning i skulen.
Eg kjøpte nokre smaksprøver:
ost på glas, raud og grøn kanarisk saus og ein karamellsaus laga av palmesaft.

Ingen kommentarer: