søndag 24. november 2013

Julemesse i Østre Halsen


Fredag og laurdag ei veke før julemessa sat vi på nærbutikken og selde lodd. Det var to ykter for dag. Eg og Karin hadde første ykta på laurdag, frå 10 til 13.

Julemessa var sist laurdag frå klokka 10 til 14.
Der kom jamt med folk. Utanom dei lodda vi hadde selt veka før, var det no åresal i 7 - 8 omgangar. elles var det sal av strikka ting, bøker og mange andre handarbeidsartiklar.
Det var sal av mat: rømmegraut, kaker og vafler.
Foreldra til konfirmantane kom med kakene.
Speidarane hjelpte til med åresalet.
Elles var det damene i kyrkjeforeininga som som ordna med basaren. Foreininga har namnet "Fredriksens Fabrikk". Dei syter for strikka, hekla, broderte og symaskinsydde ting.




 Det meste av salsgjenstandane er laga av foreiningsmedlemane.


Ein god del vart att til neste basar som blir i mars,
og nye saker vil bli laga.
Vi har arbeidsmøte annakvar veke.
Foreininga støttar kyrkja og i tillegg støttar vi ein barneheim i Antsirabe på Madagaskar gjennom NMS.

Eg trur resultatet vart rundt 20 000,- så den er mykje mindre enn den i Ørsta.






Ingen kommentarer: