mandag 29. juli 2013

Fårikålmiddag til Vickie



Rundtur med Vickie frå Wisconsin


Grillmiddag  hos Ann Kristin i Øvre Eidfjord.
Ottar og Kirsten er gaidar.
Hos Ottar og Kirsten hadde vi "mellomlanding"
overnatting før tur til Steinhovden.
 Ei liten stopp på vegen i Vadheim.
Skulpturen "Ferdamannen" vart fotografert med ei moderne " ferdadame", Vickie.
Rømmegraut hos Magdalena. Det var så varmt i veret at det var mest behageleg å ete inne.
Vickie hadde ikkje ete rømmegraut før, så det var vellukka.
Kaffien hos Magdalena og Ivan var i hagen.
Gravplassar måtte besøkjast i søk etter minne frå forfedrene. På Eikefjord gravplass er gravene til foreldra til han som for til Amerika på slutten av 1800-hundretalet og vart stamfar til slekta der borte.
Hos Solrunn og John vart det lunsj om laurdagen før Ottar og Kirsten tok Vickie med tilbake til Bergen til retur via Skottland og Irland til Amerika.
Helleristningsfeltet i Ausevika.







Arne tok oss med til lakseoppdrettsanlegget i Steinvika. Imponerande! Og flott visitors senter.

lørdag 20. juli 2013

Sommargjester


Vi må jo vise fram attraksjonane våre her.
I går besøkte vi Vikingmuseet i Kaupang og fekk omvisning og forteljing om Noregs første by.
Det budde 600 - 800 menneske her i by med gater.
Dei dreiv jordbruk og mykje handel med Europa og Østen for 1200 år sidan.
I Kaupang har dei rekonstruert vikinghuset og elles stilt ut slikt som er funne i utgravningar her.
Jentene kjøpte glasperler som var ei vare frå den tida. Desse er nok laga i vår tid etter mønster frå funn.

Opstadvev og garn farga med plantefargar.


Astrid sine glasperler. Ho skal lage noke av dei.

Og bokstaven A i runeskrift.








Ubongospel på tunet vårt i sola.

Solsikka spratt ut og sukkerertene begynner å bli etande.

torsdag 18. juli 2013

Kjekt besøk frå Ørsta


I dag har vi hatt besøk frå Ørsta.
Veldig triveleg at Reidun og Ottar tok tur hit frå Oslo der dei var på besøk hos barn og barnebarn.
Vi hadde mykje å prate om, og dei syntest vi hadde fått oss eit kjekt hus. Det har vi!
Ein liten tur rundt i Larvik blei det også.



tirsdag 16. juli 2013

Tur til Citadelløya


Karoline, Astrid og Johanne ventar på brygga i Hølen
medan Elin og Inga klargjer båten.


Hans og eg køyrde med bilen til Stavern.
Det vart fullt med jenter og bagasje i båten.
Elin kom og henta oss til Citadelløya.
Der var det mange som sola seg, bada, grilla og kosa seg i sola.
Vi åt formiddagsmat på bordet nærast.
I bakgrunnen ser vi inn til Stavern.




Astrid og veninna Karoline som er på besøk frå Sola og Klepp.
I bakgrunnen her ser vi Larvik, Torstrand.

Jentene har fått opp lavvoen.
Her er det god plass til alle fem damene.
Hans og eg valde å sove heime.
I morgon skal dei på Kruthornteateret
som går føre seg der ute på Stavernsøya.
Så dei kjem ikkje heimatt før til kvelden.




torsdag 11. juli 2013

På gamle trakter .St. Tropez, Ramatuelle og Camping Les Tournels


Den 29. juni var bryllaupsdagen. 50 år sidan.
Vi kom til Tournel campingplass den dagen.
Kari og Tore spanderte fin middag på restauranten på campingplassen. Elin, Inga og Johanne kom også seinare på kvelden. Då hadde dei levert Sunniva i Nice der ho skal vere ein månad på språkskule.
Vi hadde leigt to hytter på Camping Tournel.
Hans og eg budde saman med Elin, Johanne og Inga.
Ein kveld var vi til St.Tropez og spaserte i gatene og på moloen.

  Vi var og i Ramatuelle der var marknad., Og vi var på restaurant i Gassin.      
Badestranda Pampelonne er like fin som vi hugsar frå gamle dagar.  
Fleire gongar var på Escaletstranda. der er fint å snorkle .
Alle unnateke Hans og meg, gjekk turen til Briande, heilt frå fyret.                                                                  



fredag 5. juli 2013

Frå hus i Toscana til hytte ved St.Tropez.