torsdag 11. juli 2013

På gamle trakter .St. Tropez, Ramatuelle og Camping Les Tournels


Den 29. juni var bryllaupsdagen. 50 år sidan.
Vi kom til Tournel campingplass den dagen.
Kari og Tore spanderte fin middag på restauranten på campingplassen. Elin, Inga og Johanne kom også seinare på kvelden. Då hadde dei levert Sunniva i Nice der ho skal vere ein månad på språkskule.
Vi hadde leigt to hytter på Camping Tournel.
Hans og eg budde saman med Elin, Johanne og Inga.
Ein kveld var vi til St.Tropez og spaserte i gatene og på moloen.

  Vi var og i Ramatuelle der var marknad., Og vi var på restaurant i Gassin.      
Badestranda Pampelonne er like fin som vi hugsar frå gamle dagar.  
Fleire gongar var på Escaletstranda. der er fint å snorkle .
Alle unnateke Hans og meg, gjekk turen til Briande, heilt frå fyret.                                                                  



Ingen kommentarer: